Emnebeskrivelse for 2025/26
KRLE 2A Tekst, tolking og kultur - Kristendom
REL2004
Emnebeskrivelse for 2025/26

KRLE 2A Tekst, tolking og kultur - Kristendom

REL2004
Emnet Tekst, tolking og kultur- kristendomen er eit emne i studiet KRLE 2. Emnet legg opp til ei fordjuping i aktuelle tekstar og tolkingstradisjonar knytt til kristendom. Studentane skal gjennom studiet få innføring i korleis ulike kristne tradisjonar brukar dei skriftlege kjeldene. Det blir også lagt vekt på arbeid i skulen med religiøse, tolkingstradisjonar og korleis desse kjem til uttrykk i samfunnet
Det er mogleg å søke opptak til emnet som enkeltemne. Det vært teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Søkaren må oppfylle gjeldande opptakskrav for KRLE 2.
Meir informasjon om enkeltemne opptak og fristar

KUNNSKAP

Studenten:

  • Har kunnskap om kristne tekstar og om kristent mangfald lokal og globalt, og om arbeid med dette i skulen.
  • Har kunnskap om korleis estetiske arbeidsmåtar kan vere med å fremje læring.
  • Har kunnskap om forsking på barn i høve til religion og livssyn.

FERDIGHETER

Studenten:

  • Kan gjere greie for tekstar og kjeldebruk, på ulike praksisar og mangfald og for aktuelle perspektiv i ulikelokalt valde kristne tradisjonar.
  • Kan lage undervisningsopplegg som nyttar estetiske arbeidsformer og digitale verktøy.
  • Kan reflektere sjølvstendig over ulike arbeidsformer som vert nytta i skulefaget.
  • Kan drøfte lokale læreplanar og utvikle skisser til slike.

GENERELL KOMPETANSE

Studenten:

  • Har kunnskap om ulike kristne tradisjonar og kan nytte kunnskapen på ulike måtar i skulen generelt.
  • Kan drøfte og bruke dei grunnleggande dugleikane i KRLE.

Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det lagt til grunn at studenten disponerer ei berbar datamaskin med kamera og headsett for deltaking i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettline med kapasitet til nettundervisning.

Valbart
Kurset er nettbasert. Undervisinga vekslar mellom førelesingar, case, øvingar og diskusjonar i gruppe og plenum. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å nå læringsutbytta. Arbeidskrava skal saman med anna undervising, hjelpe studentane i arbeidet med å nå læringsutbytta i emnet. Det blir også venta ein stor grad av eigeninnsats i emnet.

Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane er ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering. Alle delar må vere godkjende/bestått før ein får karakter i emnet.

  • Obligatorisk deltaking (OD): Minimum 80 % gjennomføring av digitale læringsstigar som kan innehalde videoar, faglege presentasjonar og ulike typar arbeidsoppgåver knytt til læringsutbytta i faget. Godkjent/ikke godkjent. Teller 0/100 av karakteren.
  • Arbeidskrav (AK): Studentane skal gjennom studiet levere tre tekstar. Blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren
  • Mappe (MA): Individuell mappeinnlevering beståande av to tekstar som studentane har arbeidd med i studiet. Kriterium for val av tekst blir gitt av emneansvarleg tre veker før innlevering. Eksamen blir vurdert med gradert karakter A-F. Tel 100/100 av karakteren.

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eige svar er å rekne som fusk.