KRLE 2B Tekst, tolking og kultur - Religionar
Meir informasjon om enkeltemne opptak og fristar
KUNNSKAP
Studenten
- Har kunnskap om eit utval tekstar og aktuelle perspektiv i religionar, religiøse rørsler og sekulære ideologiar og om arbeidet med dette i skulen.
- Har kunnskap om korleis estetiske arbeidsmåtar kan vere med å fremje læring.
- Har kunnskap om forsking på barn i høve til religion og livssyn.
FERDIGHETER
Studenten
- Kan gjere greie for tekstar og kjeldebruk, på ulike praksisar og mangfald og for aktuelle perspektiv i lokalt valde tradisjonar.
- Kan lage undervisningsopplegg som nyttar estetiske arbeidsformer og digitale verktøy knytt til arbeid med tekstar og kulturelle uttrykk i religionar og livssyn.
- Kan reflektere sjølvstendig over ulike arbeidsformer som vert nytta i skulefaget.
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- Har kunnskap om religionar, livssyn og ideologiar og kan nytte kunnskapen på ulike måtar i skulen generelt.
- Kan drøfte og bruke dei grunnleggande dugleikane i KRLE.
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det lagt til grunn at studenten disponerer ei berbar datamaskin med kamera og headsett for deltaking i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettline med kapasitet til nettundervisning.
Kurset er nettbasert. Undervisinga vekslar mellom førelesingar, case, øvingar og diskusjonar i gruppe og plenum. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å nå læringsutbytta. Det blir også venta ein stor grad av eigeninnsats i emnet.
Arbeidskrava skal saman med anna undervising, hjelpe studentane i arbeidet med å nå læringsutbytta i emnet.
Samansatt vurdering. Alle delar må vere godkjende/bestått før ein får karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking (OD): Minimum 80 % gjennomføring av digitale læringsstigar som kan innehalde videoar, faglege presentasjonar og ulike typar arbeidsoppgåver knytt til læringsutbytta i faget. Godkjent/ikke godkjent. Teller 0/100 av karakteren
- Arbeidskrav (AK): Studentane skal gjennom studiet levere eit arbeid som er gjort individuelt. Blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Munnleg eksamen (MU): Individuell munnleg eksamen. Varighet på inntil 30 minutter per.kandidat. Eksamen blir vurdert med gradert karakter A-F. Tel 100/100 av karakteren.
Ingen hjelpemiddel
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eige svar er å rekne som fusk.