KRLE 2D KRLE-didaktikk 2
Meir informasjon om enkeltemne opptak og fristar
KUNNSKAP
Studenten:
- har kunnskap om korleis estetiske arbeidsformer og digitale verktøy kan vere med å fremje læring, motivasjon og variasjon i arbeid med faget.
- har kunnskap om forsking på barn og ungdom i høve til religion, livssyn, filosofi og etikk.
FERDIGHEITER
Studenten:
- kan lage undervisingsopplegg som nyttar estetiske arbeidsformer og digitale verktøy.
- kan reflektere sjølvstendig over ulike arbeidsformer som blir brukt i skolefaget.
- kan drøfte lokale læreplanar og utvikle skisser til slike.
GENERELL KOMPETANSE
Studenten:
- kan drøfte og bruke dei grunnleggande dugleikane i KRLE.
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det lagt til grunn at studenten disponerer ei berbar datamaskin med kamera og headsett for deltaking i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettline med kapasitet til nettundervisning.
Kurset er nettbasert. Undervisinga vekslar mellom førelesingar, case, øvingar og diskusjonar i gruppe og plenum. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å nå læringsutbytta. Arbeidskravet skal saman med anna undervising, hjelpe studentane i arbeidet med å nå læringsutbytta i emnet.
Emnet legg stor vekt på studenten sitt sjølvstendige arbeid. Ein sentral del av arbeidet i emnet ligg i ei omfattande oppgåve som studenten skal arbeide med gjennom semesteret. Det vil bli gitt rettleiing frå faglærar i dette arbeidet.
Samansatt vurdering. Alle delar må vere godkjende/bestått for ein får karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking (OD):Minimum 80 % gjennomføring av digitale læringsstigar som kan innehalde videoar, faglege presentasjonar og ulike typar arbeidsoppgåver knytt til læringsutbytta i faget. Godkjent/ikke godkjent. Teller 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav (AK): Studentane skal gjennom studiet levere eit arbeid knytt til utprøving av arbeidsformer. Blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Munnleg eksamen (MU): Munnleg gruppeeksamen.Varighet: Inntil 30 minutter per. kandidtat. Eksamen blir vurdert med gradert karakter A-F. Tel 100/100 av karakteren.
Ingen hjelpemiddel
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eige svar er å rekne som fusk.