Samfunnsfag i dagens skole
Emnet er opent for alle som har generell studiekompetanse, og tilbys også som enkeltemne.
Les meir om opptak til enkeltemne her: Opptak til enkeltemner (nord.no)
KUNNSKAP
Studenten
- Har kunnskap om samfunnsfagets innhald, arbeidsformer og mandat i skulen.
- Har kjennskap til læreplanen i samfunnsfag for grunnskulen, og læreplanens funksjon og utvikling
- Har kunnskap om fornorskingspolitikken og sentrale teoretiske omgrep knytt til minoritet og urfolk.
- Har kjennskap til korleis ein kan tilrettelegge for estetiske læringsprosessar i samfunnsfag.
- Har kunnskap om medias samfunnsrolle, den nyare medieutviklinga inkludert falsk og ekte informasjon, samt konsekvensar for demokratiet.
FERDIGHEITER
Studenten
- Kan drøfte konsekvensane av ny teknologi som kunstig intelligens i samfunnet og skulen.
- Kan innhente god kunnskap og ressursar for undervisning om samisk og urfolk tilpassa eiget lokalsamfunn.
- Kan reflektere over eiga yrkesutøving i eit urfolksperspektiv.
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- Kan nytte forskingsbasert kunnskap og teoretiske omgrep tatt opp på emnet i i reflekterande framstilling.
- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre, og gjennom dette bidra til utvikling av eigen og andres praksis.
- Kan finne og kritisk vurdere ulike læremiddel og læringsressursar om samfunnsfaglege tema.
Studiet er nettbasert, og føreset aktiv digital deltaking gjennom studieåret. Aktiv deltaking og dialog er naudsynt for å kunne oppnå læringsutbytta på emnet. Dette gjeld óg gjennomføring av arbeidskrav (AK).
I tillegg til nettaktivitet kan det bli tilbod (frivillig) om ekskursjonar, institusjonsbesøk og praktiske arbeid.
Det blir gitt tre arbeidskrav i løpet av semesteret.
Samansett vurdering (SV)
Den endelege karakteren i emnet er samansett av to eksamenskomponentar:
- Arbeidskrav (AK): Tre arbeidskrav, som vil kunne vere både individuelle oppgåver og gruppeoppgåver. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Teller 0/100 av karakteren.
- Heimeeksamen (HJ): Individuell eksamen over 3 dagar. Teller 100/100 av karakteren, karakterregel A-F, Beste A, Ikkje bestått F.
Alle arbeidskrav må vere godkjent for å få endeleg karakter i emnet.
Alle hjelpemiddel er tillete.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen svar er å rekne som fusk.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
SAM1012 - Samfunnsfag 1 - 7.5 Studiepoeng
SAM1021 - Samfunnsfag 1A - Samfunnsfag som skolefag, 5-10 - 7.5 Studiepoeng
SAM2003 - Samfunnsfag 2A - Samisk og urfolksperspektiver i samfunnsfag - 7.5 Studiepoeng