Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
Film 2
TEA2018
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

Film 2

TEA2018

Faget skal gi erfaring i å jobba med film som skodespelarar.

Faget skal gi studentane forståing av og praktisk erfaring med film som kunstart, teknologi og arbeidsplass av i dag.

Faget baserer seg på den undervisninga studentane allereie har fått innan skodespel, musikk og film.

FILM 2 er ei vidareføring av FILM 1

FILM 2 har følgjande hovudkomponentar:

Emnet skal gi praktisk og teoretisk kompetanse om filmprosessen, for skodespelararbeidet spesielt og om filmfeltet generelt.

Forstå film som kunstart, dei ulike produksjonsformene, strukturar og samanhengar mellom aktørane i denne.

Emnet skal gi ei forståing av forholdet mellom skodespelaren si eiga filmrolle, dens opphav, og utvikling av ferdigheiter med kropp som formidlingsutgangspunkt i eit dynamisk samspel med omgivnadene sine.

Faget skal gi innsikt og setja emnet inn i ein større kontekst, der studentane forstår rolla til filmsjangeren og påverking på individet og samfunnet.

Studentane skal utdannast til å meistra det beståande filmfeltet, men også å ha ei nyskapande forståing av prosess, produksjon og kunstfelt.

Emnet skal gi stort rom for utforsking av studenten sine eigne val på ein relevant arena under fagleg rettleiing.

Emnet er reservert for BA skodespel og scenekunstproduksjon.
Emnet er reservert for BA skodespelar og scenekunstproduksjon. Studenten må ha bestått Film 1 får å kunna byrja på emnet.

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om ulike filmformat, både kunstnarisk og teknologisk
  • har kunnskap om ulike produksjonsformer innan film
  • har brei kunnskap om kollektive og individuelle prosessar i fysisk arbeid med manus, regi og kamera
  • har kunnskap om det å samarbeida med andre faglege aktørar som produsent, klipp, lyd, musikk, scenografi o.l.

Ferdighet

Studenten:

  • kan transformera ulike roller til eigen kropp og å formidla det til kamera
  • har ein god fagleg og kunstnarisk dialog med regissør
  • kan jobba med manus som arbeidsverktøy
  • har eit aktivt og ansvarleg forhold til samarbeidspartnarane sine
  • kan bruka ulike arbeidsmetodar som ligg til grunn for det kunstnariske uttrykket

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planleggja, gjennomføra og evaluera individuell og kollektiv kunstnarisk prosess
  • kan forstå sine evner og ressursar i forhold til eigne moglegheiter innan filmfeltet
  • kan ta ansvar for eiga nyskaping, fagleg nysgjerrigheit og felles kunstnarisk utvikling
  • kan kjenna igjen og forstå ein regissørs kunstnariske visjon
  • kan forstå sine plikter og rettar i filmfeltet som arbeidsplass
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det føresett at studenten disponerer ei berbar datamaskin. Materialavgift 1000 kroner per semester.

Praktisk og teoretisk emne

Obligatorisk emne

Undervisninga er todelt:

Studentane skal først læra korleis dei kan nytta, utvikla og tilpassa skodespelarkompetansen sin til filmarbeid.

I andre del skal studentane få erfaring og utvikla eige verka som skodespelarar i filmfeltet gjennom praktisk arbeid med eksterne filmaktørar med profesjonell tilnærming til arbeidet. Dette omfattar praktisk arbeid med profesjonell regissør, fotograf og manus.

I første del består undervisninga av:

  • Undervisning i klasse, innføring i filmfeltet som kunstform og arbeidsfelt.
  • Praktisk arbeid med å nytta eigne ferdigheiter og bruk av innlærte metodar i ein filmatisk kontekst
  • Arbeidet går føre seg i fulle klassar, i grupper og individuelt
  • Arbeidet er lærarstyrt med studentstyrt øving i grupper og individuelt

I andre del består undervisninga av:

  • Studentane lærer filmatisk arbeid i samarbeid med andre fagfunksjonar innan film
  • Arbeidet skal gi tydeleg erfaring av å verka som skodespelarar i filmarbeid.
  • Praktisk arbeid med regissørar og fotografar og manus.
  • Arbeidet går føre seg i fulle klassar med eksterne filmaktørar, i inndelte grupper og ein til ein med dei ulike aktørane i eit kunstnarisk samarbeid.
  • Studentane blir evaluerte på bakgrunn av dette praktiske arbeidet i tillegg til ein skriftleg refleksjon av eige arbeid.
  • Arbeidet med dei eksterne aktørane er lærarstyrt

Arbeidd i emnet går i all hovudsak føre seg i full klasse eller grupper, der ein er avhengig av at alle til kvar tid deltek og bidreg. Derfor har emnet obligatorisk oppmøte.

Nord universitet arbeider kontinuerleg med kvalitetsforbetring av studiane. I dette arbeidet samarbeider me tett med studentane: ved at studentane deltek i evaluering av såvel dei enkelte emna som studiet samla sett. Evaluering i kvart enkelt emne skal skje ved:

  1. Ved oppstart av eit emne: forventningsavklaring mellom forelesar og studentar
  2. Kontinuerleg evaluering gjennom heile semesteret
  3. Sluttevaluering

Helhetlig evaluering av studiet skjer ved jamlege møte mellom tillitsvalde for studentane og studieleiarar ved Nord universitet. Studentane blir også oppmoda til å delta i dei sentrale kvalitetsundersøkingane.

Samansett vurdering - alle delane må vera godkjende/bestått for å få karakter i emnet.

Obligatorisk deltaking(OD) Obligatorisk deltaking på undervisning blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Krav om nærvær på minst 90 % av undervisninga. Tel 0/100 av karakteren. Tel 0/100 av karakteren.

Arbeidskrav (AK): To skriftlege arbeidskrav. Blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.

Praktisk eksamen (PE): Individuell vurdering. Karakterregel: bestått/ikkje-bestått. Varigheit inntil 6 timar. Tel 100/100 av karakteren.