Film 2
Faget skal gi erfaring i å jobba med film som skodespelarar.
Faget skal gi studentane forståing av og praktisk erfaring med film som kunstart, teknologi og arbeidsplass av i dag.
Faget baserer seg på den undervisninga studentane allereie har fått innan skodespel, musikk og film.
FILM 2 er ei vidareføring av FILM 1
FILM 2 har følgjande hovudkomponentar:
Emnet skal gi praktisk og teoretisk kompetanse om filmprosessen, for skodespelararbeidet spesielt og om filmfeltet generelt.
Forstå film som kunstart, dei ulike produksjonsformene, strukturar og samanhengar mellom aktørane i denne.
Emnet skal gi ei forståing av forholdet mellom skodespelaren si eiga filmrolle, dens opphav, og utvikling av ferdigheiter med kropp som formidlingsutgangspunkt i eit dynamisk samspel med omgivnadene sine.
Faget skal gi innsikt og setja emnet inn i ein større kontekst, der studentane forstår rolla til filmsjangeren og påverking på individet og samfunnet.
Studentane skal utdannast til å meistra det beståande filmfeltet, men også å ha ei nyskapande forståing av prosess, produksjon og kunstfelt.
Emnet skal gi stort rom for utforsking av studenten sine eigne val på ein relevant arena under fagleg rettleiing.
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om ulike filmformat, både kunstnarisk og teknologisk
- har kunnskap om ulike produksjonsformer innan film
- har brei kunnskap om kollektive og individuelle prosessar i fysisk arbeid med manus, regi og kamera
- har kunnskap om det å samarbeida med andre faglege aktørar som produsent, klipp, lyd, musikk, scenografi o.l.
Ferdighet
Studenten:
- kan transformera ulike roller til eigen kropp og å formidla det til kamera
- har ein god fagleg og kunstnarisk dialog med regissør
- kan jobba med manus som arbeidsverktøy
- har eit aktivt og ansvarleg forhold til samarbeidspartnarane sine
- kan bruka ulike arbeidsmetodar som ligg til grunn for det kunstnariske uttrykket
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planleggja, gjennomføra og evaluera individuell og kollektiv kunstnarisk prosess
- kan forstå sine evner og ressursar i forhold til eigne moglegheiter innan filmfeltet
- kan ta ansvar for eiga nyskaping, fagleg nysgjerrigheit og felles kunstnarisk utvikling
- kan kjenna igjen og forstå ein regissørs kunstnariske visjon
- kan forstå sine plikter og rettar i filmfeltet som arbeidsplass
Praktisk og teoretisk emne
Obligatorisk emne
Undervisninga er todelt:
Studentane skal først læra korleis dei kan nytta, utvikla og tilpassa skodespelarkompetansen sin til filmarbeid.
I andre del skal studentane få erfaring og utvikla eige verka som skodespelarar i filmfeltet gjennom praktisk arbeid med eksterne filmaktørar med profesjonell tilnærming til arbeidet. Dette omfattar praktisk arbeid med profesjonell regissør, fotograf og manus.
I første del består undervisninga av:
- Undervisning i klasse, innføring i filmfeltet som kunstform og arbeidsfelt.
- Praktisk arbeid med å nytta eigne ferdigheiter og bruk av innlærte metodar i ein filmatisk kontekst
- Arbeidet går føre seg i fulle klassar, i grupper og individuelt
- Arbeidet er lærarstyrt med studentstyrt øving i grupper og individuelt
I andre del består undervisninga av:
- Studentane lærer filmatisk arbeid i samarbeid med andre fagfunksjonar innan film
- Arbeidet skal gi tydeleg erfaring av å verka som skodespelarar i filmarbeid.
- Praktisk arbeid med regissørar og fotografar og manus.
- Arbeidet går føre seg i fulle klassar med eksterne filmaktørar, i inndelte grupper og ein til ein med dei ulike aktørane i eit kunstnarisk samarbeid.
- Studentane blir evaluerte på bakgrunn av dette praktiske arbeidet i tillegg til ein skriftleg refleksjon av eige arbeid.
- Arbeidet med dei eksterne aktørane er lærarstyrt
Arbeidd i emnet går i all hovudsak føre seg i full klasse eller grupper, der ein er avhengig av at alle til kvar tid deltek og bidreg. Derfor har emnet obligatorisk oppmøte.
Nord universitet arbeider kontinuerleg med kvalitetsforbetring av studiane. I dette arbeidet samarbeider me tett med studentane: ved at studentane deltek i evaluering av såvel dei enkelte emna som studiet samla sett. Evaluering i kvart enkelt emne skal skje ved:
- Ved oppstart av eit emne: forventningsavklaring mellom forelesar og studentar
- Kontinuerleg evaluering gjennom heile semesteret
- Sluttevaluering
Helhetlig evaluering av studiet skjer ved jamlege møte mellom tillitsvalde for studentane og studieleiarar ved Nord universitet. Studentane blir også oppmoda til å delta i dei sentrale kvalitetsundersøkingane.
Samansett vurdering - alle delane må vera godkjende/bestått for å få karakter i emnet.
Obligatorisk deltaking(OD) Obligatorisk deltaking på undervisning blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Krav om nærvær på minst 90 % av undervisninga. Tel 0/100 av karakteren. Tel 0/100 av karakteren.
Arbeidskrav (AK): To skriftlege arbeidskrav. Blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
Praktisk eksamen (PE): Individuell vurdering. Karakterregel: bestått/ikkje-bestått. Varigheit inntil 6 timar. Tel 100/100 av karakteren.