Emnebeskrivelse for 2026/27
Pedagogikk II: Perspektiv på rådgivning og veiledning
TRA2002
Emnebeskrivelse for 2026/27

Pedagogikk II: Perspektiv på rådgivning og veiledning

TRA2002
Emnet tek føre seg teoriar om rådgiving og rettleiing, inkludert coaching. Det vert òg lagt vekt på relevante kunnskapssyn, læringssyn og etiske perspektiv. Målet er å utvikle kunnskap og ferdigheiter innan rettleiing og kommunikasjon, samt forståing av samanhengen mellom individ, grupper og organisasjonar, og korleis dette påverkar læring og undervisning. Rettleiingssamtalen står sentralt i emnet.
Det vert ikkje stilt krav om forkunnskap utover dei fastsette opptakskrava.

Kunnskap:

Studenten:

  • Har brei kunnskap om sentrale tema innan rådgiving og rettleiing.
  • Har innsikt i eigenarten ved rettleiarrolla.

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan nytte kunnskapen om rettleiarrolla til å gjennomføre rettleiingssamtalar i tråd med verdiane og haldningane som kjenneteiknar god rettleiing.

Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan nytte kunnskapen om rettleiarrolla til å gjennomføre rettleiingssamtalar i tråd med verdiane og haldningane som kjenneteiknar god rettleiing.
Ingen kostnader ut over semesteravgift og pensumlitteratur.
Obligatorisk

Studiet er eit deltidsstudium med 50% studiebelastning. Det vert organisert gjennom intensive studiesamlingar, sjølvstudium mellom samlingane og innlevering av skriftlege arbeid.

Undervisninga vil nytte varierte arbeidsformer som førelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid, rollespel, framføringar og prosjektarbeid. Studentane si deltaking og erfaringar vert tillagt stor vekt. Tverrfagleg tilnærming vert vektlagt ved at undervisninga i dei ulike emna vert kopla saman for å skape eit heilskapleg studieprogram.

Samansett vurdering

  • Individuell heimeeksamen over 7 dagar. Vurdering: A-F.
  • Arbeidskrav: Skriftleg arbeid. Vurdering: Godkjent / Ikkje godkjent.

Endeleg karakter vert fastsett når alle delar er gjennomførte og bestått.

Universitetet tek atterhald om endringar i vurderingsform. Korrekte vurderingsformer vil framgå i StudentWeb ved oppmelding til aktuelt emne.

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere dei heilt eller delvis som eigne svar vert rekna som fusk.