Vitenskapsteori og metodologi
Opptak skjer på bakgrunn av generell studiekompetanse eller realkompetanse etter gjeldande reglar. Emnet er for studentar som er tekne opp på lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag.
For å starte på emnet, er det krav om gjennomført første syklus (dei tre første åra) i lektorutdanninga.
Kunnskap
Studenten har:
- inngåande kunnskap om omgrep, teoriar og metodar innan forskingsfeltet kroppsøving og idrettsfag
- utførleg kjennskap til ulike vitskapsteoretiske syn
- brei oversikt over hovudstrategiar som blir nytta i forskingsfeltet kroppsøving og idrettsfag
- innsikt i heile forskingsprosessen, frå problemformulering til databearbeiding og datapresentasjon
Ferdigheiter
Studenten kan:
- analysere bruk av design, metode og vitskapsteoretisk syn
- planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid på mastergradsnivå
Generell kompetanse
Studenten kan:
- reflektere kritisk over eigen og andre si forsking
Samla vurdering
Arbeidskrav:Inntil fire skriftlege arbeidskrav som blir nærare skildra i emnet sin arbeidsplan. Vurderast til godkjent / ikkje godkjent. Arbeidskrava må vere godkjende for å få endeleg karakter i emnet.
Skriftleg skuleeksamen: Varigheit: 4 timar. Karakteruttrykk A-F. Tel 100/100 av karakteren.
Penn, linjal og inntil to tospråklege ordbøker.
Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, blir rekna som fusk.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
VIT5003 - Vitskapsteori og metodologi - 15 Studiepoeng