Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
Vitenskapsteori og metodologi
VIT5025
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

Vitenskapsteori og metodologi

VIT5025
Emnet tek opp prinsipp for vitskapleg forskingsarbeid og drøftar sentrale vitskapsteoretiske spørsmål innanfor forskingsfeltet kroppsøving og idrettsfag. Det blir fokusert på ulike typar forskingsdesign og metodar, både innan kvalitative og kvantitative tradisjonar. Emnet tek òg opp korleis ein går fram for å kunne planleggje og gjennomføre eit metodisk og vitskapsteoretisk forankra forskingsprosjekt.

Opptak skjer på bakgrunn av generell studiekompetanse eller realkompetanse etter gjeldande reglar. Emnet er for studentar som er tekne opp på lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag.

For å starte på emnet, er det krav om gjennomført første syklus (dei tre første åra) i lektorutdanninga.

For å starte på emnet, er det krav om gjennomført første syklus (dei tre første åra) i lektorutdanninga.

Kunnskap

Studenten har:

  • inngåande kunnskap om omgrep, teoriar og metodar innan forskingsfeltet kroppsøving og idrettsfag
  • utførleg kjennskap til ulike vitskapsteoretiske syn
  • brei oversikt over hovudstrategiar som blir nytta i forskingsfeltet kroppsøving og idrettsfag
  • innsikt i heile forskingsprosessen, frå problemformulering til databearbeiding og datapresentasjon

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • analysere bruk av design, metode og vitskapsteoretisk syn
  • planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid på mastergradsnivå

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • reflektere kritisk over eigen og andre si forsking
Utover semesteravgift og pensumlitteratur er det føresetnad at studenten har tilgang til ein berbar datamaskin.
Obligatorisk
Emnet er organisert som separate kurs knytte til dei ulike temaa, og vitskapsteoretiske problemstillingar bind saman dei forskingsmetodiske spørsmåla som blir behandla.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evalueringa inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samla vurdering

Arbeidskrav:Inntil fire skriftlege arbeidskrav som blir nærare skildra i emnet sin arbeidsplan. Vurderast til godkjent / ikkje godkjent. Arbeidskrava må vere godkjende for å få endeleg karakter i emnet.

Skriftleg skuleeksamen: Varigheit: 4 timar. Karakteruttrykk A-F. Tel 100/100 av karakteren.

Penn, linjal og inntil to tospråklege ordbøker.

Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, blir rekna som fusk.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

VIT5003 - Vitskapsteori og metodologi - 15 Studiepoeng