Få litteratur sendt heim
Veiledning – Hvordan bestille litteratur i Oria (PDF)
Studentar på nett- og samlingsbaserte studium, som ikkje bur i nærleiken av eit av studiestadene til Nord universitet, kan bestille og få litteratur sendt heim med Posten.
Slik gjer du for å få litteratur sendt heim:
- Søk opp boka du ønskjer å låne i søkeportalen Oria
- Trykk på den blå knappen "Bestill dokument"
- I feltet for hentestad, finn alternativet "Levering til adresse"
- Vel "Heimeadresse"
- Pass på at adressa di er korrekt i StudentWeb
- Dersom du vil motta sendinga på ein alternativ adresse, må du opplyse om dette i kommentarfeltet.
NB: UB Nord sender ikkje bøker heim til adresser utanfor Noreg. Dersom du har behov for enkeltkapittel frå pensumbøker, kan desse sendast som kopi. Gi beskjed om dette i kommentarfeltet for bestillinga. Talet på sider som kan sendast må vera under 15 prosent av det bokas totale sidetal, i henhald til Kopinor-avtalen.
Retur av bøker
Studentar som får tilsendt litteratur heim med Posten, må sjølv sørge for retur, og kostnadar knytta til returporto.
Dersom du ikkje skal innom ein av våre studiestader før innleveringsfristen, kan du senda bøkene tilbake til oss via Posten.
Me ber deg om å ikkje senda bøker til oss med PostNord, då me ikkje har høve til å henta ut pakkar frå pakkeautomat eller på PostNords utleveringsstader.
Postadressene våre finn du under fanen "våre bibliotek" på nord.no/bibliotek. NB! Hugs å nytta postadresse for sending, og ikkje besøksadresse.
Du kan også spørja det lokale folkebiblioteket ditt, eller andre universitets- eller høgskulebibliotek, om dei kan senda boka for deg. Merk då at du som låner sjølv står ansvarleg for sendinga inntil boka kjem inn til oss.
Dersom du har fått bøker tilsendt frå fleire av våre studiestadsbibliotek, kan du returnera alle bøkene til eitt bibliotek.
Hente litteratur når du er på samling
Studentar på samlingsbaserte studium kan bestille bøker som står på hylla (ev. i biblioteket) og avtale henting når dei skal på samling på studiestaden. Hentefrist er 5 arbeidsdagar. NB: Denne ordninga gjeld berre for dei med lang reiseveg til universitetet. Bestill minst 2 dagar før samlinga slik at biblioteket rekk å effektuere bestillinga.
- Bestill i søkeportalen Oria
- I feltet for hentestad, vel biblioteket på studiestaden der du skal på samling
- Skriv i kommentarfeltet at du vil hente bøkene når du er på samling.