Dette inneber mellom anna eit aktivt og reflektert blikk på samanhengen mellom læringsutbytte, undervisningsformer, læringsaktivitetar og vurderingspraksis. Endringar og utvikling er dokumenterte, og studentar og kollegar er involverte i både utvikling og evaluering.
Ved vurdering av status som merittert undervisar blir følgjande tre hovudkriterium lagt til grunn:
- Fokus på studentanes læring
- Systematisk og reflektert utvikling av undervisning og rettleiing over tid
- Kollegial haldning og bidrag til kollektiv utvikling
Ein merittert undervisar bidreg aktivt til fagmiljøet og fungerer som ein pådrivar for vidare utvikling. Meritteringsordninga ved Nord universitet løftar fram og heidrar undervisarar som over tid har utvikla undervisningspraksis på ein systematisk måte, og som er føregangspersonar for andre. Dei nye meritterte undervisarane blir årleg heidra under den akademiske årsfesten i september.
Bakgrunn for ordninga
Meritteringsordninga er ein del av universitetet si utdanningspolitiske satsing, og har som mål å motivere tilsette til vidare utvikling innan utdanningsfagleg kompetanse. Ordninga skal også støtte opp under dei strategiske måla til Nord universitet for utdanningskvalitet, slik dei går fram av Strategi 2030, verksemdsplanen og utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet.
Korleis søkje
Ved Nord universitet kan ein søkje om status som merittert undervisar kvart andre år. Utlysinga blir publisert på intranettet iNord.no i midten av september i oddetalsår, med søknadsfrist 1. mars året etter.
Du kan lese meir om krav og kriterium for søknaden på intranettet. Alle søknader blir vurderte av ein sakkunnig komité med ekstern leiar og minst eitt eksternt medlem.
Les meir om merittert underviser, finn veiledning til søknad mm.
Meritterte undervisarar
- Førsteamanuensis Tanja Ellingsen, FSV
- Professor Tove Fiskum, FLU
- Professor Natallia Hanssen, FLU
- Dosent Roger Helde, HHN
- Førsteamanuensis Anna Katharina Jacobsson, FLU
- Førsteamanuensis Siri Jakobsen, HHN
- Førsteamanuensis Thomas Lauvås, HHN
- Førsteamanuensis Thomas Leirvik, HHN
- Dosent Trond Lekang, FLU
- Førstelektor Patrick Murphy, FLU
- Førstelektor Tone Oddvang, FSH
- Førsteamanuensis Gunhild Birgitte Sætren, HHN
- Dosent Malvin Torsvik, FSH
- Førstelektor Linda Amundstuen, FSH
Ingen
