Laila Lutnæs Sakshaug
Eg arbeider ved norskseksjonen, og sorterer under faggruppe GLU, ved Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag, med ca. 350 tilsette og 3500 studentar, og har kontor på Røstad, Levanger, 2.et. i Nylåna.
Eg har vore tilsett ved HiNT/NORD universitet sidan 2011, og er dr.art. i nordisk språkvitskap frå NTNU (frå 1999), med PPU, og er spesialisert innanfor nordisk språk og litteratur, med særleg vekt på grammatikk, allmenn språkvitskap og norsk som andrespråk.
Eg underviser i norsk og norskdidaktikk, og særleg i språklege emne, mest i grunnskolelærarutdanninga, men også i barnehagelærarutdanninga. Dei siste 4-5 åra har eg også undervist på tre etter- og vidareutdanningskurs innanfor emnet norsk som andrespråk, saman med kollegaer ved Nord universitet.
Aller mest underviser eg i grammatikk og grammatikkdidaktikk, og i første- og andrespråksutvikling, samt i emne som dialektkunnskap, sosiolingvistikk, retorikk, samisk, og eg er aktuell som rettleiar på bacheloroppgåver, FoU-oppgåver og masteroppgåver innanfor grovt sett desse felta.
Eg er for tida medlem i to forskingsgrupper: "Språk i Nord" https://www.nord.no/forskning/forskning-ved-fakultetene/forskning-ved-flu/faggruppe-sprak-og-litteratur/sprak-i-nord og " Sosial rettferdighet og mangfold i utdanning".
Eg deltar også i eit team for samisk språk ved NORD som deltar på Erasmus+-prosjektet https://owlplus.eu/, der representantar for fem ulike universitet arbeider saman på eit prosjekt for utvikling av digitale undervisningsressursar for minoritetsspråk i undervisningssamanheng.
I dag forskar eg mest innanfor (norsk som) andrespråks- og fleirspråklegheitsfeltet, og innanfor grammatikkdidaktikk av ulike slag - blant annan innanfor sidemålsdidaktikk og talemålsutvikling i ein didaktisk og sosiolingvistisk samanheng.
Dei siste tre åra har eg deltatt i eit prosjekt, saman med to kollegaer frå NORD, der vi forskar på språk- og læringsmiljø på ein mindre skole med éin stor minoritet, som på enkelte trinn utgjer ein større del av klassen enn dei norske majoritetsspråklege elevane.
Sist, men ikkje minst, har eg skrive hovudoppgåve om særskriving av samansette ord i norsk, og doktoravhandling om analyse av samansette verbalsubstantiv, der teoriutvikling av såkalla "Autoleksikalsk syntaks" også var eit viktig fokus.
