Formaliserte internrevisjonar har som mål å dokumentere om universitetet følgjer fastsette prosessar og rutinar.
Som ein del av førebuinga blir det utarbeidd ei rekke spørsmål med utgangspunkt i relevant reglement og retningsliner. På denne måten blir det avdekka om dei fastsette rutinar/prosedyrar blir følgde. Til slutt blir dette oppsummert i ein eigen revisjonsrapport.
Målet med ein internrevisjon er ikkje å avdekke flest mogleg avvik, men å kontrollere om institusjonen gjer som den seier den skal gjere, samt å samanstille observasjonar av hendingar for å sjå om ting kan gjerast på ein meir effektiv og betre måte.
Sluttrapportane frå internrevisjonane blir behandla i utdanningsutvalet og/eller styret. Det har vore gjennomført internrevisjonar på ei rekke område, som vist under.
Gjennomførte internrevisjonar
2024: Medarbeidersamtalen som styringsverktøy
2024: EVU-aktiviteter – organisering - samfunnsoppdrag
2022: Gjennomføring på masterprogram
2022: Tilsettingsprosess for vitskaplege stillingar
2021: Oppfølging og gjennomføring av styrevedtak
2021: Kvalitetssikring i rapportering til DBH
2020: Revisjon av anskaffingsprosess
2020: Revisjon av sikring av IKT-utstyr
2019: Revisjon av varslingsrutinar ved verksemda
2019: Revisjon av fullmakter og systemtilgangar ved verksemda
2018: Bachelor i nautikk, maritim økonomi og leiing
2018: Revisjon av KD-finansierte ph.d.-stillingar
2017: Bachelor i nautikk, maritim økonomi og leiing
2017: Bierverv ved Nord universitet