Det første praksisemnet startar opp i det første semesteret, og er eit langsgåande praksisemne som går over to semester. Studentane ved bachelor i barnevern, og studentane ved bachelor i sosialt arbeid studiestad Bodø, kan velje mellom to emne; PRA1024 Praksis i sosiale relasjonar og PRA1025 Mentorskap i fleirkulturell kontekst. Ved studiestad Levanger og Mo i Rana blir tilbode PRA1024.
Emna inneber praksis 2-3 timar i veka frå okt – mai, og er berekna til å svare til 4 vekers praksis. I begge emne får studentane nytta ferdigheitstreninga i kommunikasjon som er gitt i danningssemesteret i autentiske situasjonar i møte med menneske i praksis. Nærare informasjon om gjennomføring av praksis, oppfølging og vurdering kjem fram av praksisregelementet.
PRA1024 – Praksis i sosiale relasjonar
I PRA1024 går praksisen føre seg gjennom regelmessige møte med ein deltakar eller gruppe, der studenten skal oppøve sin relasjonskompetanse og bidra til auka sosial deltaking for menneske som av ulike grunnar kan erfare barrierar for deltaking.PRA1024 Praksis i sosiale relasjonar er organiserte i samarbeid med frivillig sektor. Studentane blir plasserte i organiserte aktivitetar eller en-til ein relasjonar gjennom ulike tiltak gjennom frivilligsentral eller frivillige organisasjonar. Praksisen er langsgåande, og studenten er med på aktiviteten og møta sin deltakaren sin/deltakargruppe ein gong i veka frå okt – mai.
Døme på praksisarenaer er fritidskontakt for flyktningar i introprogrammet, leksehjelp for minortetsspråklige og allidrettsgrupper for barn. Fakultetet har inngått praksisavtalar med friviligsentralen i Bodø, Røde Kors og Innstranda idrettslag (som er det lokale idrettslaget ved campus Bodø) om praksisplassar. Studentane blir rettleidde individuelt og i grupper av faglærar frå fakultetet undervegs, og levererer også skriftlege arbeider med fokus på refleksjon over eiga rolle, haldningar og forforståing.
PRA1025 – Mentorskap i fleirkulturell kontekst
I PRA1025 går praksisen føre seg i en-til-en relasjon med eit barn med minoritetsbakrunn. Studentane får oppøvd og utvikla relasjonskompetansen sin og flerkultuerelle forståing. Faglærar gir rettleiing individuelt og i grupper, og studentane blir introduserte til kritisk refleksjon og blir utfordra til å arbeide med eigne haldningar og forforståing gjennom skriftlege arbeid og i rettleiing.Barna blir rekrutterte via barneskular i Bodø, og fakultetet har inngått samarbeidsavtale om denne praksisen med Bodø kommune om samarbeidet med skulane. I PRA1025 Mentorskap i fleirkulturell kontekst blir Nattergalen nytta som er eit Bufdir-prosjekt som undervisningsprosjekt.
Det er utarbeidd ei eiga nettside med informasjon til skular og foreldre om praksisen og Nattergalen som er eit undervisningsprosjekt som blir nytta i dette emnet.
Les meir om NattergalenI fjerde semester i heiltidsmodellane og i sjette semester i deltidsmodellen blir gjennomført hovudpraksisperioden til studia; PRA2034 Praksis i barnevernsarbeid og PRA2050 Praksis i sosialt arbeid. Læringsutbytteskildringane for hovudpraksisperioden i begge studieprogramma er nært knytt til skildringane av krav til praksis i dei nasjonale retningslinjene for høvesvis barnevernspedagogstudiet og sosionomstudiet. Vi har spesifisert krava slik:
Praksisplassar for barnevernspedagogstudentar må i samsvar med forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning kunne tilby studenten erfaring med å etablere kontakt med barn og familiar, og dessutan greie ut/undersøkje, vurdere og ta avgjerder i barnevernssaker. Vidare skal studenten delta i samarbeidsmøte og få kjennskapar til tverrfagleg samarbeid på individ- og systemnivå. Særskilt relevante praksisplassar for barnevernspedagog er kommunalt og statleg barnevern.Praksisplassar for sosionomstudentar må i samsvar med forskrift om nasjonal retningslinje for sosionomutdanning kunne tilby studenten erfaring med å etablere kontakt, greie ut/undersøkje, vurdere og ta avgjerder i samarbeid med dei som oppsøkjer hjelp. Studenten skal delta i samarbeidsmøte og få kjennskapar til tverrfagleg samarbeid på individ- og tenestenivå. Studentane bør få erfaring med forvaltningsarbeid, men det er ikkje eit absolutt krav. Det vil vere mange tenester som kan vere aktuelle som praksisplassar for sosionomstudentar, t.d. Nav-kontor, rop-teneste, miljøterapitenester, skule og skulefritidsordning, bustadsosiale tiltak og barnevernsteneste.
Hovudpraksisperioden består av 20 veker rettleidd direkte brukarretta praksis med utgangspunkt i læringsutbytteskildringane for praksis. Innleiingsvis i praksisperioden skal studenten i samarbeid med rettleiar inngå ein samarbeidsavtale der studenten også skal setje opp ein konkret plan for korleis læringsutbytte skal nåast. Skriftlege arbeid er også ein del av praksis, og bidreg til integrasjonen mellom teori og praksis, refleksiv kompetanse og handlingskompetanse.
I hovudpraksisperioden blir studenten rettleidd av ein praksisrettleiar ved praksisstaden. Nærare skildring av fordeling av praksisplassar, prosedyrereglar for praksisgjennomføring, krav til praksisrettleiar, oppfølging frå faglærar og vurdering osb. finst i praksisreglementet.Praktisk gjennomføring av praksisperioden for PRA2050 og PRA2034
Tilstedeværelse på praksisstaden
Praksisperioden er obligatorisk. I praksisperioden er maksimumsgrensa for fråvær åtte dagar og gjeld ved sjukdom, sjukt barn eller andre særskilde grunnar til fråvær.Samarbeidsavtale
Student og rettleiar skal saman utarbeide ein samarbeidsavtale for praksisperioden. I avtalen skal det angivast ein konkret plan for korleis studenten kan oppnå læringsutbytte for praksisstudiane.Arbeidstid
Studenten følgjer arbeidstida til praksisstaden. Studentane har normalt fri frå praksisstaden f.o.m. laurdag før den stille veka t.o.m. andre påskedag, og dessutan heilagdagar som hender i praksisperiodenStudiedag
Studentene har rett til éin arbeidsdag pr. arbeidsveke til eigenstudium. Organiseringa av studietida blir avtalt mellom praksisstad og kvar enkelt student.Praksisrettleiar
Hver student får utnemnt ein praksisrettleiar på praksisstaden. Praksisrettleiarar skal normalt sett vere av sosialfagleg profesjon, ha nødvendig fagleg kunnskap, og bør som hovudregel ha formell rettleiingskompetanse, jf. forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningar §3. Studenten har rett til ein til to timar rettleiing pr. veke. Innhaldet i rettleiinga blir planlagt i samarbeid mellom student og rettleiar. Delar av rettleiinga kan gå føre seg i gruppe.Faglærer
Det blir utnemnt ein faglærar ved universitetet for kvar student. Faglærar skal ha kontakt med student og praksisrettleiar dei første to vekene i praksis, og skal gjennomføre samtalar med praksisrettleiar og student etter seks og 12 veker i praksis (jf. punkt 8.3 i praksisreglementet). Faglærar er elles tilgengelig for student og praksisrettleiar i heile praksisperioden.Det er mogleg å søkje om å gjennomføre hovudpraksisperioden i utlandet for studentar ved både bachelor i barnevern og bachelor i sosialt arbeid.
Praksis første studieår PRA1024 og PRA1025
Studentar som er medlem av folketrygda, har dekning av folketrygdlova når det gjeld skadar som oppstår under gjennomføring av undervisning. Ved gjennomføring av praksis i første studieår blir betrakta å vera i ein undervisningssituasjon og kjem derfor inn under føresegnene i folketrygdlova i § 13-10.Praksis andre studieår PRA2034 og PRA2050
Studentar i praksis blir rekna som arbeidstakarar hos praksistilbydaren dersom dei skal utøva tilnærma same arbeidsoppgåver som ordinære arbeidstakarar. Praksistilbydaren er dermed forplikta til å teikna yrkesskadeforsikring for studentar i praksis i tråd med føresegnene i yrkesskadeforsikringslova.- Høst 2024 / Vår 2025: Utfyllande retningslinjer for økonomisk tilskot i praksis ved bachelor i barnevern og bachelor i sosialt arbeid (pdf)
Søknadsskjema butilskot:
Søknad om butilskot under praksis (bokmål, pdf)
Søknad om butilskot under praksis (nynorsk, pdf)
Kontaktperson: Pia Johanna Nordbye-Hjemaas
- Høst 2024 / Vår 2025: Utfyllande retningslinjer for økonomisk tilskot i praksis ved bachelor i barnevern og bachelor i sosialt arbeid (pdf)
Oppdatert
29.01.2026





