Emneomtale for 2026/27
Fuglekjennskap Nettbasert - Bilder Norge
BID1003
Emneomtale for 2026/27

Fuglekjennskap Nettbasert - Bilder Norge

BID1003

Fuglekjennskap Norge - nettbasert er eit sjølvstendig nettstudium med hovudvekt på artsbestemming av fuglar ved hjelp av utsjånad og lyd. BID1003 handlar om fuglars utsjånad. Pensum vil bestå av artsbestemming basert på fuglane sine utsjånadsmessige kjenneteikn, men vil òg innehalde noko teori om åtferd og generell biologi for å støtte opp under artsbestemminga.

Eksamen er nettbasert. Oppmelding til eksamen skjer via www.birdid.no (ikkje på Nord sine sider). Der finn du òg meir informasjon om studiet, pensum, lærebok og treningsopplegg.

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Studentar blir tekne inn i samsvar med tidspunkt for søknad.Søknad til dette studiet går via lokalt opptak.

Søknadsfristen er 1. november for haustsemesteret og 1. mai for vårsemesteret.

KUNNSKAP

Studenten har kunnskap om:

  • Karakteristiske kjenneteikn ved utsjånad til ulike taksonomiske grupper av fuglar, uavhengig av alder, kjønn og årstidsvariasjonar
  • Karakteristiske artskjenneteikn ved fuglars utsjånad, uavhengig av alder, kjønn og årstidsvariasjonar
  • Habitatval og åtferd hos fuglar som har betydning for artsbestemming
  • Dei vanlegaste fugleartene i Noreg

FERDIGHEITER

Studenten kan:

  • Artsbestemme dei vanlegaste fuglane i felt ut frå utsjånad og åtferd, uavhengig av alder, kjønn og årstidsvariasjonar
  • Bruke habitat og geografisk område som hjelpemiddel til å vurdere sannsynet for om antatt art er riktig

GENERELL KOMPETANSE

Studenten:

  • Veit korleis fuglar blir brukte som indikatorar for berekraftig utvikling i Noreg, EU og mange europeiske land
  • Veit korleis fugleregistreringar blir gjennomførte
  • Har kjennskap til viktige digitale ressursar om fugl
  • Har trent opp evna si til å oppdage fuglar i naturen
Semesteravgift og kopinoravgift
Kortare studium

Studiet har ei interaktiv, nettbasert tilnærming og består av sjølvstudium med bruk av våre digitale verktøy på www.birdid.no.

Det blir forutsett stor grad av sjølvstudium for å kunne oppnå emnet sine læringsutbytte.

Det er mogleg å søkje om deltaking i feltkurset Fuglekjennskap (BID1001/BID1002) for å få fysisk undervisning i tillegg.

Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evalueringa inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Nettstaden birdid.no blir evaluert kontinuerleg via kontaktskjema.

Eksamen er individuell.

Eksamen er ein nettbasert heimeeksamen og består av to delar:

  1. Fuglebilete som skal artsbestemmast
  2. Teoridel med korte fleirvalsoppgåver om artsbestemming

Begge delane må beståast for å få samla ståkarakter. Ein heimeeksamen blir gjennomført på om lag 1 time.

Før eksamen kan gjennomførast, må studenten fullføre eit arbeidskrav. Arbeidskravet består av 10 nettbaserte treningssett i eksamensmodus med minimum 40 % score av maksimal poengsum. Arbeidskravet er som ei semesteroppgåve, og kan ikkje startast før ein er teken opp som student og har fått tilgang til oppgåvene. Etter at arbeidskravet er bestått, har studenten 10 dagar på seg til å gjennomføre eksamen.

Det vil vere mogleg å ta ny eksamen etter tre månader. Ein har maksimalt tre eksamensforsøk. For å ta ny eksamen må studenten melde seg opp på nytt, på same måte. Beste resultat vil vere gjeldande. Eksamensresultatet blir gitt på gradert skala og vil vere tilgjengeleg på Studentweb.

Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere denne heilt eller delvis som eiga besvarelse blir rekna som fusk.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

BID902 - Fuglers utseende nasjonalt - Norge - 15 Studiepoeng

BID1001 - Fuglekjennskap Samlingsbasert - Bilder Norge - 15 Studiepoeng

BID1005 - BirdID National bird appearance - 15 Studiepoeng

BID9021 - Fuglers utseende nasjonalt - 15 Studiepoeng

BID911 - Fuglers utseende Western Palearctic - 15 Studiepoeng