Emneomtale for 2026/27
Samfunn, religion, livssyn og etikk
BLU1024
Emneomtale for 2026/27

Samfunn, religion, livssyn og etikk

BLU1024
Barnehagen har eit viktig samfunnsmandat og speler ei sentral rolle i samfunnet. I kunnskapsområdet Samfunnsfag, etikk, religion og filosofi (SRLE) blir studentane oppfordra til aktiv refleksjon omkring samfunnsmandatet og verdigrunnlaget til barnehagen, samt korleis barnehagelæraren kan omsetje dette verdigrunnlaget til praksis i eit samfunn prega av mangfald.

Kunnskap om og haldninger til ulike samfunn, kulturar, religionar og livssyn utgjer eit viktig grunnlag for identitetsdanning, og for å kunne forstå og møte menneske med ulike bakgrunnar. Gjennom å lære om etisk og filosofisk grunnlagstenkning, og ved å få innsikt i ulike menneskesyn og verkelegheitsoppfatningar, skal studentane øve seg på kritisk og etisk refleksjon knytta til praksis. Søkelyset er særleg retta mot dei tilsette i barnehagen sine oppgåver, ansvar og veremåte i møte med barn, føresette og kollegaer i eit samfunn prega av mangfald.

Samfunnsfag, etikk, religion og filosofi (SRLE) skal gi grunnlegjande kunnskap om mangfald i samfunnet, inkludert kunnskap om samisk kultur, historie og kvardagsliv. Kunnskapsområdet oppmodar til aktiv etisk refleksjon og gjennomgår blant anna etikk og profesjonsetikk, filosofi, ulike religiøse og ikkje-religiøse livssyn og forteljingar og tradisjonar frå ulike kulturar. Andre sentrale og gjennomgåande tema er barn sine rettar og stilling i samfunnet, noko som inkluderer tematisering av ulike familiestrukturar, sosial ulikskap og normativitet.

Respekt og inkludering på tvers av kulturgrenser ligg til grunn for heile kunnskapsområdet.

Kunnskapsområdet bygger i hovudsak på faga samfunnsfag og religion, livssyn og etikk. Undervisninga skal vere forskningsbasert og profesjonsretta. Praksis inngår som ein integrert del av kunnskapsområdet.

Kunnskapsområdet inneheld følgjande overordna tema:

  • Barnehagen sin plass i samfunnet og samfunnet sin plass i barnehagen
  • Etisk grunnlagstenking, profesjonsetikk og filosofi
  • Kultursensitivitet, kulturmangfald og representasjon av mangfald i barnehagen
  • Nasjonale minoritetar og samiske kulturar
  • Mangfald i religionar og livssyn i Noreg i dag

Emnet er meint for studentar på bachelor barnehagelærarutdanning

Bestått 50 studiepoeng etter to studieår på bachelor barnehagelærerutdanning deltid.

Bestått praksisperiode 1, 2 og 3.

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om verdigrunnlaget i barnehagen, og kva for føringar dette legg for praksis i barnehagen i eit fleirkulturelt samfunn
  • har kunnskap om samisk kultur og historie, fornorskingspolitikk og arbeid med forsoning, samt urfolk og nasjonale minoritetar sine rettar
  • har kunnskap om samfunnsutvikling med vekt på velferdsstaten, barnehagen og familien sine roller i historiske, samtidige og framtidige perspektiv
  • har kunnskap om kristendom samt andre religionar og livssyn som er representerte i det norske samfunnet
  • har kunnskap om mangfald, likeverd, likestilling, sosial ulikskap og berekraftig utvikling
  • har kunnskap om ulike representasjonar av mangfald i barnelitteratur og forteljartradisjonar i samiske og andre fleirkulturelle perspektiv
  • har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar
  • har kunnskap om etisk grunnlagstenking og profesjonsetikk
  • har kunnskap om barn sine rettar og lovverk som regulerer arbeidet i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan praktisere, formidle og grunngje innhaldet i samfunnsmandatet og verdigrunnlaget til barnehagen, samt handle i tråd med barnehagen si formålsføresegn
  • kan reflektere over barn sine ulike behov og legge til rette for ein inkluderande fellesskap
  • kan formidle forteljingar frå ulike kulturar, religionar og tradisjonar, inkludert samiske tradisjonar
  • kan møte barn si undring, og samtale med barn om etiske, religiøse, filosofiske og livssynsmessige spørsmål
  • kan legge til rette for markering av høgtider og merkedagar i barnehagen i samarbeid med dei føresette
  • kan ta omsyn til prinsipp for miljø og berekraftig utvikling i arbeidet i barnehagen
  • kan legge til rette for barna si gryande forståing for demokrati

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere kritisk over eigne verdiar, haldningar og veremåte, og vere bevisste på asymmetriske maktforhold i arbeidet
  • kan identifisere og reflektere kritisk over etiske utfordringar i dagleglivet i barnehagen, og grunngje eigne handlingsval
  • kan vise evne til samarbeid med barn og barna sine føresette, og ha evne til å sjå samanhengar mellom individ, gruppe, nærmiljø og samfunn
Utover semesteravgift og pensumlitteratur må studenten disponere ein berbar datamaskin med kamera og headsett for deltaking i nettbasert undervisning. Studenten må ha internettline med kapasitet til nettundervisning.
Obligatorisk teoriemne

Undervisninga har ei forskningsbasert tilnærming og inkluderer førelesingar, case-/problembasert undervisning, øvingar og diskusjonar i grupper og plenum.

Emnet er nett- og samlingsbasert. Undervisninga er både fysisk og digital via førelesingar og gruppearbeid. Undervisninga vil ta opp sentrale tema frå emneplanen. For at studentane skal kunne fordjupe seg i dei ulike temaa og stille førebudde til undervisninga, blir det lagt opp til stor grad av sjølvstudium og individuelt arbeid (mellomperiodearbeid) mellom samlingane .

Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ei forutsetting for å kunne oppnå læringsutbytta i emnet. Dette gir ein kompetanse som studentane ikkje kan tileigne seg på anna vis.

Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering (SV) - alle delane må vere godkjente/beståtte for å få karakter i emnet.

  • Obligatorisk deltaking (OD): Obligatorisk deltaking på undervisning og timeplanfesta aktivitet blir vurdert til godkjent/ ikkje godkjent. Det er krav om 80 % deltaking. OD tel 0/100 av karakteren
  • Arbeidskrav 1 (AK): Skriftleg innlevering i grupper. AK 1 blir vurdert til godkjent /ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren. Haust 1.semester
  • Arbeidskrav 2 (AK): Skriftleg individuelt arbeid. AK2 blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren. Vår 2.semester
  • Munnleg eksamen (MU): i grupper blir vurdert til bestått/ ikkje bestått. Tel 25/100 av karakteren. Fysisk oppmøte. Haust 1.semester
  • Skriftleg skuleeksamen (SK): Individuell eksamen, 6 timar. Karakterregel A-F. Beste A, ikkje bestått F. Tel 75/100 av karakteren. Vår 2.semester

Skriftleg skuleeksamen blir avvikla ved eitt av Nord universitets campus

Tillatte hjelpemiddel til skriftleg eksamen er Rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver og Lov om barnehager. Penn, linjal, og inntil 2 tospråklege ordbøker.

Å generere tekst ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere dette heilt eller delvis som eige svar er å rekne som fusk.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

BLU1002 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng

BLU1007 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng

BLD2220 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng

BLU102 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng

BLU2201 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng

BLU2202 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng

SRL100L - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng

SRL100SL - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng

ABLU1002 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng