Emneomtale for 2026/27
Masteroppgave for barnehagepedagogikk
BLU5001
Emneomtale for 2026/27

Masteroppgave for barnehagepedagogikk

BLU5001
Arbeidet med masteroppgåva skal gjere studentane i stand til å vurdere kva for pedagogiske utfordringar og problemstillingar som kan belysast gjennom forsking. Etter studiet skal studentane kunne gå inn som deltakarar i ulike forskingsopplegg. Studentane skal òg kritisk analysere korleis eksisterande forsking kan bidra til å løyse dei pedagogiske utfordringane som dei møter i arbeidet sitt i barnehagen.

Samfunnet er i stadig endring, og barnehagar er ein kompleks arena for barndom og utdanning som skal møte alle barn sine behov for tryggleik, tilhøyrsle, utvikling, leik og læring. Dette krev at barnehagelæraren har gode ferdigheiter i å kontinuerleg oppdatere seg, kritisk vurdere og ta i bruk ny kunnskap om barn og barnehage på ein måte som styrkjer pedagogiske praksisar og fremjar barnas moglegheiter og trivsel.

Masteroppgåva byggjer tematisk på emna i studiet. Ho skal vere eit avgrensa og sjølvstendig vitskapleg arbeid. Under rettleiing skal studentane planleggje, gjennomføre og rapportere eit forskingsprosjekt som viser spesialisert innsikt i aktuell forsking, teoriar og metodar som er relevante for barnehagefeltet. I oppgåva skal studentane dokumentere avanserte kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som viser heilskap, samanheng og progresjon i masterstudiet.

Arbeidet med masteroppgåva skal gjere studentane i stand til å vurdere kva for pedagogiske utfordringar og problemstillingar som kan belysast gjennom forsking. Etter studiet skal studentane kunne gå inn som deltakarar i ulike forskingsopplegg. Studentane skal òg kritisk analysere korleis eksisterande forsking kan bidra til å løyse dei pedagogiske utfordringane som dei møter i arbeidet sitt i barnehagen.

Emnet er forbeholdt studenter som er tatt opp til masterprogrammet 'Master i barnehagepedagogikk'.

Studentane må ha fullført og bestått minst 30 studiepoeng frå første studieår før dei kan melde seg opp til masteroppgåva.

I tillegg må emna:

  • BLU5005 - Forsking og aktuell debatt
  • BLU5006 - Vitskapsteori og forskingsteori - Intro
  • BLU5007 - Vitskapsteori og forskingsteori - Modul 2

vere bestått før ein kan levere masteroppgåva

Kunnskap 

Studenten

  • har avansert kunnskap om pedagogikk, didaktikk, og barnehagefaglege tema, på individ- og systemnivå
  • har avansert kunnskap om eit avgrensa fagområde gjennom masteroppgåva
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, vitskaplege tenkjemåtar, forskingsmetodar og etikk     

Ferdigheter 

Studenten

  • kan gjennomføra, evaluera og formidla eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt, under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan analysera eksisterande teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet og arbeida sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing i arbeidet med masteroppgåva
  • kan analysera og forhalda seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking     

Generell kompetanse 

Studenten:

  • kan formidla eige forskingsarbeid i tråd med dei vitskaplege uttrykksformene til fagområdet
  • kan kommunisera om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar med relevans for eige masterprosjekt
  • kan bidra til nytenking og innovasjon gjennom eige masterprosjekt
Utover semesteravgift og pensumlitteratur er det føreset at studenten disponerer ein datamaskin med kamera og headset for deltaking i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettlinje med kapasitet til nettundervisning.
Masteroppgåve/Teoriemne

Undervisninga er nettbasert. Det blir variert mellom nettbaserte forelesingar, individuelt arbeid, og diskusjonar og arbeid i seminargrupper. Emnet har ein studentaktiv arbeids- og undervisningsform som krev at studenten er førebudd, sjølvdriven, og deltek aktivt i seminargrupper.

Rettleiing er ein vesentleg komponent i arbeidet med mastergradsoppgåva. Den skal medverka til at studenten skaffar seg nødvendige kunnskapar, og inneber ei nødvendig kvalitetssikring ved innsamling og behandling av data, og dessutan at arbeidet går føre seg innanfor forskingsetiske retningslinjer. Kvar student får utnemnt ein rettleiar på bakgrunn av prosjektbeskrivinga si for oppgåva. Det blir inngått rettleiingskontrakt mellom kandidat og rettleiar.

Studieprogrammet evaluerast årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetets kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering (SV): Alle delane må vere godkjende/bestått for å få karakter i emnet.

Arbeidskrav (AK): Prosjektskisse, tel 0/100 av karakteren. Vurderast som godkjent/ikkje godkjent.

Masteroppgåve (OMU): Skriftleg oppgåve med digital munnleg justering, tel 100/100 av karakteren. Vurderast etter karakterskala A-F. Omfang på oppgåver som blir skrivne individuelt: 50 sider (20 000 ord) (+/- 10 %). Omfang på oppgåver som blir skrivne i par med to studentar: 65 sider (26 000 ord) (+/- 10 %).

Alle.

Unntak: Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eige svar er å rekna som fusk.