Emneomtale for 2026/27
Fagdidaktikk i samfunnsfag
DID1004
Emneomtale for 2026/27

Fagdidaktikk i samfunnsfag

DID1004
Emnet handlar om å bygge innsikt i samfunnsfaga som skole- og danningsfag og at du skal utvikle kompetanse i å planlegge, gjennomføre, grunngi og kritisk vurdere undervisning og læring i dagens skole og samfunn.

Samfunnsfagsdidaktikken legg vekt på å utvikle forståing for sentrale omgrep i læreplanverket og samanhengar mellom overordna del og fagplanane i samfunnsfaga, samt øving i å legge til rette for djuplæring og danning.

Dette inneber eit fokus på å planlegge for fagleg innhald, ulike læringsprosessar og metodar samt vurderingsformer som fremjar elevane si utvikling av samfunnsfagleg kompetanse og medborgarskap. Emnet vil òg gi deg erfaring med tverrfaglege tilnærmingar og arbeidsmåtar som kan bygge opp under kritisk tenking og elevane si handlingskompetanse i møte med samfunnsutfordringar. Målet er at du skal kunne ta bevisste didaktiske val og grunngi desse ut frå pedagogisk og didaktisk teori og refleksjonar rundt erfaringar frå praksis.

Emnet er for studentar som er tatt opp i Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag med didaktisk retning Samfunnsfag.

Etter avslutta studium skal studenten ha tileigna seg følgjande kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse:

Kunnskap

Studenten:

  • har brei kunnskap om danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, berekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd.
  • har brei kunnskap om læreplanar og om samfunnsfaga sin plass, legitimitet og progresjon i skolen samt forståing for skolens breie mandat og tverrfaglege tilnærmingar.
  • har djup innsikt i ulike undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer og korleis samfunnsfaga kan leggjast til rette for å fremje djuplæring, kritisk tenking og demokratisk medborgarskap i møte med utfordringar i samfunnet.
  • har kunnskapar om samiske forhald og om korleis lokalforankra og elevorientert undervisning kan fremje meining og tilhøyrsle og samstundes opne verda for elevane.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke overordna del, fagplanar (LK20) og andre styringsdokument på ein analytisk og kritisk måte og legge til rette for gode faglege og tverrfaglege læringsprosessar for alle.
  • kan planlegge, gjennomføre, grunngi og vurdere undervisning i samfunnsfag og i tverrfaglege opplegg sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • kan legge til rette for utforskande, digitale, skapande og estetiske læringsprosessar samt ta i bruk ulike læringsarenaer og samarbeide med aktørar i lokalmiljøet.
  • kan anvende, tilpasse og forhalda seg kritisk til fagleg innhald og ulike læringsressursar, inkludert digitale verktøy
  • kan ta i bruk ulike former for vurdering og kommunisere elevane si faglege utvikling ut frå prinsippa for vurdering for læring, samt gi undervegs- og sluttvurdering

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan orientere seg i faglitteratur og drøfte samfunnsfagsdidaktiske moglegheiter og utfordringar kritisk som grunnlag for utvikling av eigen faglege praksis.
Utover semesteravgift og pensumlitteratur må studentar ha tilgang til Internett og datamaskin med mikrofon og kamera.
Obligatorisk

Studiet krev aktiv deltaking for å sikre at studenten meistrar dei områda som er grunnleggjande for komande yrkesutøving.

Obligatorisk digital undervisning er lagt til onsdagar kl. 9.00 -11.30 og fordelt på pedagogikk og fagdidaktikk. Dette gjeld gjennom heile studieåret, utanom veker med praksis. I tillegg er det venta at studentane jobbar med studiet individuelt og i læringsgrupper.

Studieprogrammet blir evaluert kvart år av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evaluering inngår som ein del av universitetets kvalitetssikringssystem.
Jmf. praksisplanar for PPU for allmenne fag.

Samla vurdering (SV)

Alle delane må vera godkjende/bestått for å få samla karakter i emnet.

Obligatorisk deltaking (OD): minimum 80 %. Teller 0/100.

Studiet har krav om obligatorisk oppmøte med aktiv deltaking for å sikre at studenten meistrar dei områda som er grunnleggjande for komande yrkesutøving. Fråvær ut over 20 % må ein normalt ta igjen ved neste ordinære undervisning i emnet.

Arbeidskrav (AK): 2 skriftlege og 2 munnlege arbeidskrav må vere godkjente for å få endeleg karakter i emnet. Teller 0/100.

Munnleg (MU): Individuell munnleg eksamen - gradert med karakter A-F. Tel 100/100.

Eksamen er eit sjølvstendig arbeid som studenten skal utføre utan hjelp frå andre. Dette gjeld òg ved ei mogleg førebuingsdel til munnleg eksamen.

Å ta i bruk svar som er heilt eller delvis generert ved hjelp av ChatGPT eller anna form for kunstig intelligens er å rekne som fusk.