Emneomtale for 2026/27
Masteroppgave i regnskap og revisjon
ECO5005
Emneomtale for 2026/27

Masteroppgave i regnskap og revisjon

ECO5005
Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig akademisk arbeid med god fagleg-teoretisk forankring. Temaet for masteroppgåva kan ha ulik karakter innanfor rekneskaps- og revisjonsfeltet.

Alle obligatoriske emne må vere bestått før studenten kan starte på masteroppgåva.

Emnet er berre ope for studentar på studieprogrammet Master i rekneskap og revisjon.

Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane vise at dei er i stand til å definere, avgrense og presisere forskingsspørsmål, gjere greie for relevant teori som set problemstillinga inn i ein vitskapleg samanheng, velje relevant metode, gjennomføre ei systematisk analyse og trekkje plausible konklusjonar.

Ein viktig del av læringa består i å utleie nokre praktiske implikasjonar av funna i masteroppgåva. I tillegg skal arbeidet med masteroppgåva dokumentere at studenten er i stand til å skissere nokre problemstillingar for vidare forsking. Det inneber at arbeidet med masteroppgåva, i tillegg til å vise at studenten meistrar vitskapleg arbeidsmetodikk, også er i stand til å setje sitt eige bidrag inn i ein større vitskapleg samanheng.

Kunnskap

  • Studenten skal ha inngåande kunnskap og ei grundig forståing for teoretiske tilnærmingar og faglitteraturen relatert til vald problemstilling.
  • Studenten kan bruke kunnskap på nye område innan fagfeltet.
  • Studenten skal ha avansert kunnskap om ulike metodiske tilnærmingar for innsamling og analyse av tilgjengeleg materiale.
  • Studenten skal ha avansert kunnskap om oppbygging av eit vitskapleg arbeid.

Ferdigheiter

  • Studenten kan motivere studien ved å argumentere for vald forskingstema og tilhøyrande problemstilling/forskingsspørsmål.
  • Studenten kan utvikle ei forskingsbasert hovudproblemstilling med eventuelle tilhøyrande forskingsspørsmål.
  • Studenten kan vurdere, velje ut og bruke relevante teoretiske tilnærmingar og metodikk i innsamling, systematisering og analyse av data for å belyse den valde problemstillinga. Dette inneber evna til å reflektere kritisk over teoriens/teoriane si bruk på nye problemstillingar.
  • Studenten kan konkludere tydeleg på den formulerte problemstillinga/forskingsspørsmåla som danna utgangspunkt for studien.
  • Studenten kan utleie implikasjonar av resultat som kjem fram i studien.
  • Studenten kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.

Generell kompetanse

  • Studenten kan referere til ulike kjelder som er brukte i studien.
  • Studenten kan analysere og praktisere fagområdet sine uttrykksformer.
  • Studenten kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing og skal ha forståing for forskingsetiske normer og utfordringar ved sitt eige arbeid.
  • Studenten kan munnleg og skriftleg formidle resultata på ein systematisk og fagleg god måte.
I tillegg til semesteravgift og pensumlitteratur, er det føresett at studenten har tilgang til ein berbar datamaskin.
Masteroppgåve, obligatorisk

Oppgåva skal vere eit empirisk arbeid med bruk av kvantitativ og/eller kvalitativ metode. Studentane vel tema nokså fritt innanfor fagområdet til studieprogrammet (rekneskap og revisjon), men det er eit krav at valt tema og tilnærming vert godkjent av rettleiaren. Oppgåva kan skrivast individuelt eller av to studentar i fellesskap, anten som ein monografi eller i artikkelformat. Det er utarbeidd ei "Rettleiing for masteroppgåva", der meir spesifikke detaljar er gitt.

Læring og undervisning er basert på følgjande aktivitetar/krav:

  • Utarbeiding av prosjektskisse
  • Sjølvstendig arbeid (mellom anna knytt til forankring av studien, litteratursøk, datainnsamling, analyse, konklusjon og tilhøyrande skriftleg framstilling)
  • Seminar
  • Individuell rettleiing
  • Prosjektskissa skal leverast til programansvarleg innan oppgitt frist. Skissa dannar grunnlaget for tildeling av rettleiar, som godkjenner skissa eller gir tilbakemelding om behov for omarbeiding.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering, karakterregel Bokstavkarakterar

Oppgåve - gruppe på 1-2 studentar, tel 100/100 av karakteren, karakterregel Bokstavkarakterar.

Arbeidskrav 1, tel 0/100 av karakteren, karakterregel Godkjent / Ikkje godkjent.

Må vere bestått før framstilling til Oppgåve - gruppe på 1-2 studentar.

Arbeidskrav 2, tel 0/100 av karakteren, karakterregel Godkjent / Ikkje godkjent.

Må vere bestått før framstilling til Oppgåve - gruppe på 1-2 studentar.