Innføring i regnskap
Studentane får ei grunnleggjande innføring i rekneskap, med mål om å setje dei i stand til å føre eit enkelt rekneskap på eiga hand. Samstundes skal emnet gi studentane ei grunnleggjande forståing av finansrekneskap.
Sentrale tema omfattar rekneskapen som informasjonskjelde, grunnleggjande prinsipp og føresetnader for finansrekneskapen, registrering av bilag, bokføringslova, rekneskapslova med tilhøyrande oppstillingsplan, innføring i rekneskapsreglar, samt enkel årsavslutning med periodisering frå førebels saldobalanse til resultat og utgåande balanse.
Det er mogleg å søkje opptak til emnet som enkeltemne. Det blir teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Søkjar må oppfylle gjeldande opptakskrav for Bachelor i økonomi og administrasjon eller Bachelor i eigedomsmekling.
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal ha:
- kunnskap om føremålet med og føring av eit finansrekneskap
- kunnskap om prinsippet for det dobbelte bokhaldet
- kunnskap om omgrepa utgifter, kostnader, utbetalingar, inntekter og innbetalingar, beholdningar og samanhengar mellom desse
- kunnskap om standard kontoplan
- kunnskap om sentrale føresetnader i rekneskaps- og bokføringslovene, inkludert rekneskapslova si oppstillingsplan for resultatrekneskap og balanse
- grunnleggjande innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår
Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- bokføre dei mest vanlege transaksjonane etter prinsippet for det dobbelte bokhaldet
- gjennomføre vanlege periodiseringsposteringar
- gjennomføre årsoppgjer med enkle årsavslutningsposteringar
- setje opp eit gruppert resultat og balanse i samsvar med rekneskapslova sine krav
- forklare samanhengar mellom transaksjonar og deira påverknad på resultat og balanse
Generell kompetanse
Studenten skal ha:
- evne til å vurdere og kategorisere ulike økonomiske hendingar med omsyn til rekneskapsmessige verknader
- evne til å gjennomføre ei grunnleggjande vurdering av innhaldet i eit finansrekneskap og dei sentrale prinsippa det byggjer på
- evne til å reflektere over etiske problemstillingar knytte til utøving av rekneskapsfaget
- forståing for samfunnsnytta av offentlege finansrekneskap
Undervisning og oppgåvegjennomgang i plenum, supplert med undervisningsvideoar.
Arbeid i grupper med øvingsoppgåver.
- To arbeidskrav (godkjent/ikkje godkjent)
- Skriftleg skuleeksamen, karakterskala A-F
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
BE117E - Bedriftsøkonomi og regnskap - 7.5 Studiepoeng
BE101E-003 - Driftsregnskap og finansregnskap med analyse - 7.5 Studiepoeng
BE101E-004 - Driftsregnskap og finansregnskap med analyse - Skoleeksamen høst - 7.5 Studiepoeng
BE101E-005 - Driftsregnskap og finansregnskap med analyse - Skoleeksamen vår - 7.5 Studiepoeng
BE119E - Grunnleggende Økonomistyring 1 - 4 Studiepoeng
BE120E - Grunnleggende Økonomistyring 2 - 3.5 Studiepoeng
BE113E - Innføring i finansregnskap - 7.5 Studiepoeng
ØKO110 - Regnskap I - 7.5 Studiepoeng
ECO1010 - Bedriftsøkonomi og konkurranseevne - 7.5 Studiepoeng
REG1003 - Landbruksregnskap - 2.5 Studiepoeng
