Finans
Emnet behandlar portefølje- og kapitalmarknadsteori. Prinsippa for aksjeprising blir presenterte, og det blir diskutert korleis verdien og risikoen for obligasjonar og derivat blir fastsette. Vidare blir det fokusert på problemstillingar knytte til verksemda si finansiering, risikohandtering samt internasjonale investeringar og valutalån. Etiske og profesjonelle standardar blir også tekne opp i dette emnet.
For studentar som kan dokumentere at eksamen for CFA Level 1 er bestått, blir det gitt fritak for emnet.
Det er mogleg å søkje opptak til emnet som enkeltemne. Det blir teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Søkjaren må oppfylle gjeldande opptakskrav for Bachelor i økonomi og leiing.
Etter fullført kurs skal studenten ha oppnådd føljgande læringsutbytte:
Kunnskap
- Kjenne til korleis kapitalmarknadene fungerer.
- Ha brei kunnskap om utviklinga i kapitalmarknader og tilhøyrande verdipapir.
- Forstå korleis ulike verdipapir blir prisa og kva risiko-eigenskapane til desse instrumenta er.
- Ha innsikt i konsekvensane av å finansiere seg med gjeld kontra eigenkapital.
- Ha kunnskap om viktige samanhengar i valutamarknadene.
- Ha kunnskap om etiske standardar og tilhøyrande vurderingar.
Ferdigheiter
- Kunne bruke ulike teoriar og modellar i sentrale problemstillingar innanfor finans.
- Kunne gjere berekningar av avkastning og risiko for investeringar, verdipapir og kapitalkjelder.
- Kunne avgjere korleis bedriftenes sine aktiva bør finansierast (gjeld versus eigenkapital) og korleis årlege overskot bør disponerast (utbyttepolitikk).
- Kunne vise korleis risiko kan handterast ved bruk av derivat og andre finansielle instrument.
- Kunne gjere lønnsamheitsberekningar for internasjonale investeringar og valutalån.
- Kunne gjere vurderingar og avgjerder ut frå etiske standardar.
Generell kompetanse
- Vere i stand til å kommunisere, både skriftleg og munnleg, dei ovanfornemnde elementa knytte til kunnskap og ferdigheiter.
- Kunne bruke denne innsikta på ulike relevante problemstillingar.
- Kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har bakgrunn i finans og gjennom dette bidra positivt til god praksis.
Sammensett vurdering, karaktersystem Bokstavkarakterar A-F
- Arbeidskrav 1, tel 0/100 av karakteren, karaktersystem Godkjent/ Ikkje godkjent.
- Arbeidskrav 2, tel 0/100 av karakteren, karaktersystem Godkjent/ Ikkje godkjent.
- Digital skuleeksamen, 4 timar, tel 100/100 av karakteren, karaktersystem Bokstavkarakterar A-F. Eksamen blir gjennomført i Inspera. Heile eller delar av eksamen kan gjennomførast ved bruk av Excel.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
FIN2001 - Finans - 5 Studiepoeng
