Emneomtale for 2026/27
Fagdidaktikk for historie
HI315LS
Emneomtale for 2026/27

Fagdidaktikk for historie

HI315LS
Emnet er eit obligatorisk emne med tilhørande undervisningspraksis i lektorprogrammet

Emnet tar for seg historiefaget i skolen sett i relasjon til faget sett i eit breiare samfunnsperspektiv. Spørsmål knytt til undervisning i historie i trinn 8-13 blir sett i samanheng med korleis historie kan bygge identitet og lim i samfunnet, og korleis dei verkar inn i samfunnsutviklinga meir allment. Vi ser særleg på tema som historiebruk og historiemedvit i vid forstand, slik at emnet også dekker historieformidling innafor område som m.a. museum, minnepolitikk og kulturminnevern.

Emnet gir kunnskap i fagdidaktisk teori og forsking, som særleg tar sikte på å gi innsikt i forskings- og utviklingsarbeid hos dei institusjonane som formidlar historiekunnskap. Samstundes skal historiedidaktikken gjere studenten i stand til å reflektere over sin eigen praksis og hans rolle som lærar i skolen, og skolen si rolle i skaping av historiemedvit. Målet med emnet er å gjere studentane i stand til å utvikle levande og engasjerande undervisningsopplegg for historie på bakgrunn av refleksjonar rundt forholdet mellom fag, skule og samfunn

Emnet inngår som ein del av lektorprogrammet
Studentar må vere tatt opp på lektorutdanninga og ha fullført bachelordel av lektorprogrammet. Studenten må også ha fullført tidlegare praksisperiodar.

Kunnskapar:

Studenten skal ha kunnskapar om sentrale historieteoretiske perspektiv på forholdet mellom historiefag og samfunnsutvikling.

Studenten skal kjenne til historiedidaktiske teoriar innafor minnehistorieforsking og kulturminnevern.

Studenten skal ha kunnskapar om teknikkar og metodar for å gjere historieundervisninga interessant og tilgjengeleg for alle elevgrupper.

Studenten skal ha kunnskapar om historiefaget si rolle i skolen, i samfunnet generelt, og eigenarten til historiefaget som skolefag spesielt.

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne reflektere over dei moglege rollene til historieundervisninga i forhold til kulturell og samfunnsmessig utvikling.

Studenten skal kunne utarbeide og gjennomføre undervisningsopplegg i historie som er godt tilpassa elevføresetnadene på den eine sida, og behovet i skoleverket og samfunnet på den andre.

Studenten skal kunne utvikle mål for opplæringa og vurdere måloppnåinga til elevane gjennom formativ og summativ vurdering.

Studenten skal kunne opptre i rolla som lærar og samhandle med elevar, føresette, kolleger og skoleleiing.

Generell kompetanse:

Studenten skal kunne arbeide med spørsmål knytt til fag, formidling og samfunn på ein profesjonell måte.

Ingen kostnader utover semesteravgift og pensumlitteratur.
Obligatorisk for lektorprogrammet
Forelesingar og seminar. Studentane er venta å bidra til seminarundervisninga med sine innlegg - studentframlegg. Praktisk arbeid i undervisningsinstitusjon.
Studieprogrammet evalueres årleg av studentene gjennom emneundersøkelser (midtveisevaluering og sluttevaluering). Evaluering inngår som en del av universitetets kvalitetssikringsystem.
3 veker.

Samansett vurdering:

- Praksis (greidd/ikkje greidd)

- Obligatorisk deltaking: seminar om barn og unge i vanskelege livssituasjonar (greidd/ikkje greidd)

- Munnleg presentasjon, 20 minutt (100/100 av karakter, blir vurdert A-F)

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

HI315S - Fagdidaktikk for historie - 10 Studiepoeng