Emneomtale for 2026/27
Husdyrenes anatomi og fysiologi
HUS1005
Emneomtale for 2026/27

Husdyrenes anatomi og fysiologi

HUS1005
Korleis me held husdyr - til dømes korleis dei skal fôrast, kor stor plass dei treng, eller kva underlag det må vera i bingen - er basert på korleis kroppane til dyra fungerer. Dette emnet gir derfor ei innføring i korleis kroppane til husdyra våre ser ut (anatomi), og korleis dei fungerer (fysiologi). Dette vil vera grunnlag for mange av emna som kjem seinare i studiet.
Emnet gir ein gjennomgang av normale kroppsfunksjonar hos dei vanlegaste pattedyrartane som blir haldne som husdyr i Noreg (storfe, sau, geit, hest, gris, hund, katt), og hovudtrekka i korleis kroppane deira er oppbygd. Alle dei viktigaste organsystema blir omtalte, med unntak av fordøyingssystemet, som blir dekt i Husdyrernæring 1.

Emnet er reservert for studentar på følgjande studieprogram:

  • Husdyrvelferd, årsstudium
  • Husdyrvitskap, bachelorgradsstudium

Kvalifiserte enkeltemnestudentar kan få tilgang dersom det er kapasitet (førstemann til mølla). Ta kontakt med studierettleiar.

Studentane må oppfylle gjeldande opptakskrav ved tilhøyrande studieprogram.

Ein student som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • har kunnskap om korleis kroppen hos husdyra våre (storfe, sau, geit, gris, hest, hund og katt) er oppbygd anatomisk
  • har kunnskap om korleis organa til kroppen og kroppen samla sett fungerer. organsystema som blir dekte inkluderer sirkulasjonssystemet, respirasjonssystemet, muskel/skjelett, nervesystemet, det endokrine systemet, reproduksjonsorgana, hud og integument, nyrer og urinvegar
  • kjenner til sentrale forskingsområde innan emnet

Ferdigheiter:

  • kan forklara, eventuelt demonstrera, den grunnleggjande anatomien til husdyra
  • kan gjera greie for enkle problemstillingar i tilknyting til dei normale funksjonane til kroppen

Generell kompetanse:

  • har grunnleggjande innsikt i biologien til husdyra, korleis dei er oppbygd anatomisk, og korleis dei enkelte organa og organsystema fungerer kvar for seg, og saman som ein heilskap
  • kan formidla korleis dei normale funksjonane til kroppen blir påverka av sjukdom, skade, avl eller forhold i miljøet til dyra
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det føresett at studenten disponerer ei berbar datamaskin.
Obligatorisk
Undervisninga består av forelesingar og demonstrasjonar, to obligatoriske skriftlege arbeidskrav (eitt av arbeidskrava inkluderer óg ein obligatorisk muntleg presentasjon), og dessutan øvingar på levande dyr og organ. Det blir stilt krav til deltaking på minst to av tre øvingar. Øvingane vil finna stad på Mære landbruksskule.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering

  • Obligatorisk deltaking - deltaking på minst to av tre øvingar, tel 0/100 av karakteren, godkjent / ikkje godkjent.
  • Arbeidskrav 1 - skriftleg innlevering med muntleg presentasjon, tel 0/100 av karakteren, godkjent / ikkje godkjent.
  • Arbeidskrav 2 - multiple choice, 7 av 8 må vera godkjent, tel 0/100 av karakteren, godkjent / ikkje godkjent.

Obligatorisk deltaking og arbeidskrav må vera godkjent for å få tilgang til skriftleg skuleeksamen.

Eksamen:

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, tel 100/100 av karakteren, bokstavkarakterar.

Bærbar datamaskin, penn, linjal, og inntil 2 stk. tospråklege ordbøker.

Å generera svar ved hjelp av kunstig intelligens og levera det heilt eller delvis som eige svar er å rekna som fusk. Les meir her: Bruk av generativ kunstig intelligens (KI) i studier

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

HUS120 - Fysiologi og anatomi - 7.5 Studiepoeng