Husdyrernæring 1
Emnet er reservert for studentar på følgjande studieprogram:
- Husdyrvelferd, årsstudium
- Husdyrvitskap, bachelorgradsstudium
Kvalifiserte enkeltemnestudentar kan få tilgang dersom det er kapasitet (førstemann til mølla). Ta kontakt med studierettleiar.
Ein student som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
- har kunnskap om oppbygging, klassifisering og ulike eigenskapar for karbohydrat, feitt, protein, vitamin og mineral, og dessutan betydninga av desse næringsstoffa for organismen
- har kunnskap om anatomien til fordøyingsorgana hos einmaga dyr og drøvtyggjarar
- har kunnskap om fysiologien til fordøyingsorgana hos einmaga dyr og drøvtyggjarar
- har kunnskap om absorbsjon av næringsstoff frå fordøyingssystemet
- har kunnskap om vomfunksjon, vommas mikrobiom, og kva betydning pHen i vomma har for fordøying og helse
- har kunnskap om utvikling av fordøyingssystemet hos drøvtyggjarar, frå fødsel og fram til vomfunksjonen er ferdig utvikla
- har kunnskap om korleis feil eller mangelfull ernæring kan føra til sjukdom hos einmaga dyr og drøvtyggjarar
Ferdigheiter:
- forklara samanhengar mellom næringsinnhald og struktur i ulike fôrtypar
- forklara prosessane i fordøyingssystemet i ulike artar, og kva betydning desse har for produksjon, helse og velferd hos ulike dyrelag
- forklara forskjellen mellom fordøyingssystema hos einmaga dyr og drøvtyggjarar
Generell kompetanse:
- har grunnleggjande innsikt i korleis fôrmidlar kan påverka produksjon og helsa på individnivå og besetningsnivå, og er i stand til å formidla dette i ein fagleg samanheng
Samansett vurdering
Må vera godkjent før framstilling til skriftleg skuleeksamen:
- Obligatorisk oppmøte på 2 av 3 øvingar. Godkjent / ikkje godkjent.
- 2 arbeidskrav. Godkjent / ikkje godkjent.
Eksamen:
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, karakterregel A-F.
Bærbar datamaskin, penn, linjal, inntil 2 stk. tospråklege ordbøker og enkel kalkulator.
Å generera svar ved hjelp av kunstig intelligens og levera det heilt eller delvis som eige svar er å rekna som fusk. Les meir her: Bruk av generativ kunstig intelligens (KI) i studier
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
HUS120 - Fysiologi og anatomi - 2.5 Studiepoeng
HUS210 - Husdyrernæring - 2.5 Studiepoeng
