Trening og ernæring
Emnet Trening og ernæring gir ei heilskapleg forståing av korleis kosthald og fysisk aktivitet samspelar for å optimalisere helse og prestasjon. Emnet dekkjer alt frå fordøyingssystemets funksjon til kroppens energisystem, og gir studentane solid kunnskap om makro- og mikronæringsstoff, samt korleis desse påverkar styrke, uthald og kroppssamansetning.
Gjennom praktiske verktøy lærer studentane å analysere kosthald, rettleie klientar, og skreddarsy ernæringsplanar som passar både mosjonistar og idrettsutøvarar. Studentane vil òg øve på å bruke samtaleteknikkar for å støtte klientar i varige livsstilsendringar. Aktuelle tema som etiske omsyn og kritisk tenking rundt ernæringsrettleiing og sosiale medium vil òg vere ein del av undervisninga. Studentane vil stå godt rusta til å formidle fagleg kunnskap og ha gode verktøy for å supplere treningsrettleiing med ernæringskunnskap.
Opptak til bachelor i trening, helse og prestasjon eller årsstudium personleg trenar. Emnet kan tilbydast som enkeltemne.
Opptak krev generell studiekompetanse. Søkarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Opptak som enkeltemnestudent føreset at ein oppfyller opptakskravet, og at det er ledig kapasitet på emnet. Meir informasjon om korleis du kan bli enkeltemnestudent, finn du her. Om du vil søkja på dette emnet, hugs å skriva namnet på emnet eller emnekoden i merknadsfeltet i søknaden din.
Kunnskap:
Studenten
- innehar nødvendig faktakunnskap når det gjeld fordøyingssystemet, kroppens energisystem og målemetodar for kroppssamansetning.
- kan identifisere ulike næringsstoff og kjemisk oppbygging av karbohydrat, feitt og protein.
- kan identifisere matkjelder rike på dei ulike næringsstoffa.
- har brei kunnskap om anbefalingar for vatn, makro- og mikronæringsstoff til generell befolkning samt tilpassingar for mosjonistar og utøvarar.
- har brei kunnskap om makro- og mikronæringsstoff si fordøyingsprosess, funksjon i kroppen, konsekvensar ved for høgt eller lågt inntak.
- har brei kunnskap om korleis ernæring kan påverke fysiske prestasjonar, inkludert utvikling av styrke, hurtigheit og uthald.
- har brei kunnskap om prosessar og anbefalingar ved endring av kroppssamansetning.
- innehar nødvendig faktakunnskap når det gjeld kosttilskot.
- kan identifisere ernæringstilpassingar nødvendig hos spesielle grupper.
- forstår etiske utfordringar i faget si rolle på sosiale medium, i praktisk og munnleg ernæringsrettleiing, samt ved måling av kroppssamansetning.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan bruke fagleg kunnskap og treffe grunngjevne val i skriftleg og munnleg formidling, samt i relasjon med klientar.
- kan reflektere over eigen prestasjon ved munnleg framlegg og justere denne under rettleiing.
- vurderer etiske utfordringar i faget si rolle på sosiale medium, i praktisk og munnleg ernæringsrettleiing, samt ved måling av kroppssamansetning.
- kan praktisere faget gjennom formidling, registrering av næringsinnhald i matvarer, og kosthaldssamtale og -rettleiing.
- innehar grunnleggjande ferdigheiter ved bruk av motiverande intervju som samtaleteknikk i kosthaldssamtalen.
- kan kritisk vurdere relevant tekstleg materiale på internett og sosiale medium.
Generell kompetanse:
Studenten
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar når det gjeld påverknad på enkeltindivid si fysiske og mentale helse ved ernæringsrettleiing.
- kan formidle relevant fagleg kunnskap skriftleg og munnleg.
Obligatorisk for studentar på Bachelor Trening, helse og prestasjon og Årsstudium Personleg Trenar.
Emnet kan søkjast på som enkeltemnestudent.
Emnet er nett- og samlingsbasert.
Emnet inngår i eit nett- og samlingsbasert studieløp, difor vil teoretisk og praktisk undervisning føregå både digitalt og ved 3 samlingar gjennom hausten:
- Teoretisk undervisning inkluderer digitale moduler i ei læringssti, i form av førehandsspelte videoførelesingar, quizar, oppgåver og pensumlitteratur. Nettundervisninga vil ligge tilgjengeleg i eigen portal (Canvas) og gjennomførast på eiga hand - når og kvar studenten vil.
- Samlingane (3 separate veker, måndag-fredag) vil i hovudsak basere seg på praktisk undervisning og inkludere relevante faglege arbeidsmetodar og utprøving av praktiske oppgåver. Det vil òg vere nokre praktiske oppgåver som skal gjennomførast på eiga hand.
- Obligatorisk deltaking: Samlingsvekene er obligatoriske fordi ein betydeleg del av læringsutbyttet føreset praktisk undervisning og gjennomføring. Ein føresetnad for obligatorisk deltaking er å ha gjennomført emnets digitale læringssti på Canvas.
Samansett vurdering (SV) - alle delane må vere godkjende/bestått for å få karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking (OD). For å få godkjent OD i emnet må studenten enten ha 1) deltatt på minst 70 % av alle dei fysiske samlingsvekene per semester, eller 2) deltatt på minst 2 av 3 heile samlingsveker per semester. Studenten må òg ha gjennomført digital læringssti. Karakterregel godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav (AK): Ein (1) stk munnleg framføring med rettleiing. Karakterregel godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
- Skriftleg skuleeksamen (SK), 4 timar. Tel 100/100 av karakteren. Karakterregel A-F, Beste A, Ikkje bestått F.
Skuleeksamen: Penn, linjal, og inntil 2 stk tospråklege ordbøker.
Å generere besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eiga besvarelse er å rekne som fusk.
Generell informasjon om hjelpemiddel til eksamen finn du her.
Informasjon om ChatGPT/kunstig intelligens mm. finn du her.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
IDR2005 - Trening og ernæring - 10 Studiepoeng
IDR1047 - Trening og ernæring - 10 Studiepoeng
