Digital historiefortelling
Emnet er obligatorisk for studenter på Master i journalistikk og kommunikasjonsarbeid.
Har du ikkje studierett på Master i journalistikk og kommunikasjonsarbeid, kan du søke opptak på enkeltemner. Velg "enkeltemne med spesielle opptakskrav" i søknadsweben.
Krav til opptak for enkeltemnesøkere:
- Bachelorgrad eller tilsvarende.
- Minst to år med relevant yrkespraksis (tilsvarende 100 stilling).
Kunnskap:
Studenten
- har godt grep om narrativitetsteori.
- forstår korleis forteljingar fungerer over ulike digitale plattformer og modalitetar.
- har avansert kunnskap innanfor digital formidling og spesialisert innsikt i journalistikk og kommunikasjonsarbeid.
- har inngåande kunnskap om samanhengen mellom tema, sjanger, målgruppe og medium.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan analysere ein tekst med tanke på forteljinga.
- kan produsere ei enkel forteljing.
- kan identifisere kontekst, plattform, sjanger og målgruppe.
- kan formidle medvete og føremålstenleg ved hjelp av språk, foto, lyd og video.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan formidle eit sjølvstendig arbeid, og forstår tydinga av kontekst, plattform, sjanger, målgruppe.
- beherskar dei studietekniske verktøya som nettbasert læringkrev.
- forstår kva rolle forteljingar spelar i kommunikasjon.
Emnet legg til rette for ulike læringsaktivitetar og undervisningsmetodar (ansikt-til-ansikt på samlingar og via nettet): Førelesningar og seminar/webinar, sjølvstudium, instruksjonar i sanntid og som videoopptak, arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver individuelt og i grupper, dels med tanke på presentasjon for medstudentar, dels for publisering i nettavisa til studiet og på sosiale medium.
Tid for samlingar hausten 2026 kjem våren 2026.
• Obligatorisk deltaking (OD): Det er obligatorisk deltaking på samlingar i dette emnet. Deltaking er berekna i forhold til undervisningsøkter. Deltaking må vere godkjend før innlevering av mappeeksamen. Vurderingsuttrykk: Godkjend/Ikkje godkjend. Teller 0/100 av karakteren i emnet.
• Mappeeksamen (MA): Mappa inneheld tre innleveringar. Kvar innlevering består av eit produkt, og eit refleksjonsnotat. Desse skal leverast på nytt i revidert form etter tilbakemelding. Mappa fyller til saman 10 sider (+/- 1 side). Vurderingsuttrykk A-F. Tel 100/100 av karakteren.
