Emneomtale for 2026/27
Laboratoriesikkerhet
KJE1001
Emneomtale for 2026/27

Laboratoriesikkerhet

KJE1001
Laboratoriesikkerheit skal gi nødvendig informasjon til nye studentar, og gi opplæring i korleis ein skal arbeide på laboratoriet for å unngå ulykker og personskade. Det vil også bli gitt ei introduksjon til ulike typar sikkerheitsutstyr og korleis desse skal brukast, samt opplæring i bruk av mikroskop. Sikkerheitskurset er obligatorisk og må takast i starten av første semester av studiet.

Generell studiekompetanse.

For studentar tatt opp på studieprogram ved Fakultet for biovitskap og akvakultur, der fullført Laboratoriesikkerheit krevst før andre obligatoriske undervisningsaktivitetar i studiet.

Kunnskapar:

Studenten har kunnskapar om:

  • kva farar som kan oppstå i eit laboratorium
  • kva arbeidsrutinar som må følgjast
  • kva verneutstyr som finst og når det skal brukast
  • sikkerheitsdatablad og kva slags informasjon som finst der
  • branninstruksen ved Nord universitet og varslingsrutinar ved uhell/skade
  • bruk av mikroskop

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan jobbe sikkert på laboratoriet, under oppsyn av ein ansvarleg lærar
  • veit kva som skal gjerast om eit uhell eller ei ulukke skulle oppstå
  • veit korleis ein skal opptre i tilfelle brann

Generell kompetanse

Studenten forstår at:

  • ved å følgje arbeidsrutinane er laboratoriearbeid sikkert og trygt
  • det lett kan skje skadar på personar og utstyr om sikkerheitsreglar ikkje følgjast
Ingen kostnader utover semesteravgift.
Obligatorisk
Obligatorisk oppmøte. Kurset har ei varigheit på fire timar, fordelt på forelesing og laboratorieøving.
Sudieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.
Obligatorisk deltaking - laboratoriesikkerheit, 4 timar, karakterskala: Godkjent / Ikkje godkjent.