Emnebeskrivelse for 2026/27
Praksis – kommunikasjonsarbeid
KOK5004
Emnebeskrivelse for 2026/27

Praksis – kommunikasjonsarbeid

KOK5004
Dette emnet inkluderer seks veker med introduksjon til praksis, relevant praksis i ein organisasjon med rettleiar, og avslutning på praksis.
I eit yrkesfagleg orientert masterstudium som dette er det viktig å la teori og ferdigheiter vert møtt i utøvinga av kommunikasjonsfagleg arbeid under kyndig rettleiing. Studentane skal difor i femte semester gjennomføre ein seks vekers periode inkludert praksis i ei privat eller offentleg verksemd. Studentane blir tildelt ein rettleiar i praksis. Fakultetet forhandlar avtalar med kvar enkelt bedrift/institusjon om utplassering av studentar i praksis og tildeler praksisplass til studentane. Studentane er forplikta til å ta imot den praksisplassen som blir stilt til rådvelde i ei av fakultetet sine samarbeidande bedrifter/institusjonar. Avviklinga av praksisperioden kan tilpassast innanfor rammene av emnet.
Emnet er berre opent for studentar på studieprogrammet master i journalistikk og kommunikasjonsarbeid.
Må ha bestått KOK5000 og KOK5001

Kunnskap:

Studenten

  • Har avansert kunnskap om det å vere kommunikasjonsarbeidar i ei bedrift/institusjon, korleis arbeidsplassar er bygd opp og korleis dei tilsette samarbeider.
  • Har inngående kunnskap om yrkesetiske problemstillinger.

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan arbeide sjølvstendig med praktiske problemløysing.
  • Kan planleggje og gjennomføre eit større, sjølvstendig praktisk prosjekt, reflektere systematisk over vala som er gjort, og kvaliteten på det endelege produktet.
  • Forstår og kan handtere etiske utfordringer i yrkesutøvinga.
  • Kan løyse varierte og avanserte kommunikasjonsfaglege oppgåver.
  • Kan vurdere og reflektere over eige og andre sitt arbeid, og justere arbeidet under rettleiing.
  • Kan meistre relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer.

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kan utvikle synspunkt og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
  • Kan planleggje og gjennomføre kommunikasjonsfaglege arbeidsoppgåver og prosjekt.
  • Meistrar dei arbeidsformene som gjeld i samsvar med etiske og juridiske krav og retningslinjer.
  • Kan bruke kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
Utover kostnadar til semesteravgift og pensumlitteratur må studenten rekne med følgjande utgifter: For kommunikasjonsstudentar eksisterer det ikkje tariffbestemmelser om løna praksis. Utover dette er det opp til praksisstedet å bestemme om studenten skal verte lønna. Dei studentane som ikkje mottar lønn under praksis, kan søke om å få dekt reise- og opphaldskostnader av Fakultet for samfunnsvitskap etter "Retningslinjer for økonomisk tilskudd til studenter som gjennomfører praksisstudier ved Nord universitet". Retningslinjene finn du på våre nettsider.
Praksisemne, valgemne
Dette emnet inkluderer ei digital innføring i praksisarbeid. Praksisopphald i ei ekstern organisasjon, med rettleiar frå praksisplassen og universitetet. Avslutning på perioden i form av presentasjon på digitalt seminar.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtveisevaluering og sluttevaluering). Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.
Studentane som vel dette emnet skal i femte semester gjennomføre ein seks vekers periode inkludert praksis i ei privat eller offentleg verksemd. Studentane blir tildelt ein rettleiar i praksis. Fakultetet forhandlar avtaler med kvar enkelt verksemd om utplassering av studentar i praksis og tildeler praksisplass til studentane. Studentane er forplikta til å ta imot den praksisplassen som blir stilt til rådvelde i ei av fakultetet sine samarbeidande verksemder.
Praksis (PR/P) har eit omfang på 6 veker. Vurderingsuttrykk: Bestått/Ikkje bestått. Tel 100/100 av karakteren.