Ferdighets- og prestasjons-utvikling i idrett
Kunnskap
Studenten har inngåande kunnskap om treningsprinsipp og treningsmetodar i ein vald idrett.
Ferdigheit
Studenten har fagleg grunnlag for å leggje til rette for trening som kan bidra til auka prestasjon i ein vald idrett.
Generell kompetanse
Studenten kan kritisk bruke og vurdere forskingsbasert kunnskap som grunnlag for auka prestasjon i vald idrett.
Samla vurdering (SV) - Alle delane må vere godkjent/bestått for å få karakter i emnet.
Obligatorisk deltaking (OD):
- Obligatorisk deltaking i undervisning, minimum 80 %, og i avtalt studentstyrt aktivitet.
- Obligatorisk deltaking i laboratoriearbeid (100 %).
Arbeidskrav (AK): Eitt skriftleg arbeidskrav.
Individuell skriftleg skuleeksamen (SK). Varigheit: 6 timar. Karakteruttrykk A-F. Tel 100/100.
Hjelpemiddel til eksamen er 20 sjølvvalde vitskaplege artiklar, som skal skrivast ut og leverast til emneansvarleg minst 3 dagar før eksamen, samt pensumboka «Idrettens treningslære» Gjerset (Red.) (2015), Gyldendal, ISBN 9788205391949. Det er ikkje tillate å skrive notat verken på artiklane eller i pensumboka. Før eksamen startar får studentane utdelt sine 20 vitskaplege artiklar, og har med pensumboka sjølve.
Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, blir rekna som fusk.
