Teknologiledelse
Emnet skal gje spesialisert innsikt i teknologileiing som fagområde, kva det byggjer på og korleis det har utvikla seg over tid. Basert på den faglege breidda i teknologileiing som studentane har tileigna seg gjennom studieprogrammet, får dei i dette fordjupingsemnet ei djupare innsikt i omgrep, teoriar og metodar innan avgrensa område av teknologileiingsfeltet. Dette omfattar til dømes jus, prosjektleiing og implementering av strategiske tiltak for teknologibaserte verksemder i dynamiske omgjevnader. Gjennom kurset vil studentane utvikle evna til å kritisk analysere teknologiens verknad på fleire nivå; både samfunn, verksemder og individ.
Studentane vil hente inn relevant forskingslitteratur innan eit avgrensa område av teknologileiingsfeltet og lære å setje saman, analysere og evaluere litteraturen, for deretter å bruke den som grunnlag for eige sjølvstendig forskingsarbeid med utgangspunkt i sentrale problemstillingar innanfor etablering, utvikling og/eller drift av teknologibaserte verksemder.
Emnet vil byggje på dei meir grunnleggjande forståingane og praktiske innretningane i emne i hovudprofilen, og òg utvikle grunnlag for arbeid med bacheloroppgåva i siste semester.
Kunnskap
- Studenten har kunnskap om utviklinga av teknologileiing som fagområde, samanhengen mellom ulike element av fagområdet (organisasjon, strategi, leiing, entreprenørskap og innovasjonsteori) og kan bruke sentrale teoretiske moment frå desse.
- Studenten forstår teknologiske endringar; korleis dei oppstår og kan analysere teknologiens verknad på fleire nivå, både samfunn, verksemder og individ.
- Studenten har kunnskap om relevante juridiske problemstillingar innan teknologileiing.
- Studenten forstår og kan reflektere over korleis verksemder kan integrere teknologi for vidare verdiskaping, samt korleis berekraft påverkar problemstillingar og endringsprosessar i teknologibaserte verksemder.
- Studenten har inngåande innsikt i forskingslitteratur relevant for avgrensa område av teknologileiingsfeltet.
Ferdigheiter
- Studenten kan arbeide med teoretiske og praktiske problemstillingar knytte til verksemder sine tiltak for å møte større teknologiske endringar og trendar.
- Studenten kjenner til eigna verktøy for teknologileiing og er i stand til å bruke dei i ulike samanhengar og til ulike verksemder sine problemstillingar.
- Studenten kan hente inn relevant forskingslitteratur innanfor ei problemstilling knytt til teknologileiing og setje saman og evaluere litteraturen.
- Studenten kan bruke vitskapleg litteratur som grunnlag for eige arbeid.
Generell kompetanse
- Studenten er i stand til å forstå og leie endrings- og innovasjonsprosessar i nye og etablerte teknologibaserte verksemder.
- Studenten forstår vitskapleg litteratur og kan bruke den i eige arbeid.
Arbeidskrav i grupper på 1-4 personar (godkjent/ikkje godkjent).
Sammensett vurdering:
- Skuleeksamen 60 %, vurderast A-F.
- Oppgåve 40 %, individuell, vurderast A-F.
Tospråkleg ordbok.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere det heilt eller delvis som eiga oppgåve er å rekne som fusk.
