Strategisk ledelse av teknologibedrifter i dynamiske omgivelser
Strategisk ledelse av teknologibedrifter i dynamiske omgivelser tar for seg hvordan organisasjoner forholder seg til og tilpasser seg større endringer og trender i deres omgivelser. Emnet omhandler de omfattende teknologiske, markedsmessige og politiske skiftene som skaper disrupsjon i eksisterende forretningsmodeller og som kan danne utgangspunkt for nye muligheter, forretningsmodeller og innovasjonsprosjekt, men også utgjør trusler for eksisterende virksomheter. Det legges særlig vekt på teknologiske endringer, nye digitale teknologier, digitalisering og hva dette betyr for organisasjoners strategi.
Kunnskap
Etter fullført emne
- har studenten inngåande kunnskap om korleis organisasjonar kan behalde og vidareutvikle sine konkurransefortrinn i ei verd der endringane skjer oftare og er meir djuptgåande enn tidlegare.
- kan studenten nytte sentrale moment i moderne strategisk leiingsteori og knyte desse til uvisse i omgjevnadene. Det vert lagt stor vekt på korleis slike endringar oppstår, korleis dei kan knytast til moglegheitsrom for eksisterande organisasjonar, og kva samspel som finst mellom bedrifter, konkurrentar, leverandørar, kundar og styresmakter i dette biletet.
- har studenten avansert kunnskap om korleis organisasjonar utviklar ressursar og kapabilitetar, samt rekonfigurerer desse til å handtere endring.
Ferdigheiter
Etter fullført emne
- kan studenten gjennomføre systematiske moglegheits- og trugsmålsanalysar samt nytte desse for å planleggje gjennomføring av organisatoriske endringar.
- kan studenten arbeide sjølvstendig med avanserte teoretiske og praktiske problemstillingar knytt til strategiske tiltak for å møte større endringar og trendar.
Generell kompetanse
Etter fullført emne
- kan studenten gjennomføre «state of the art» strategisk analyse av verksemder, identifisering av tiltak og implementering av strategi under stor ekstern uvisse.
- kan studenten formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre avanserte konsept innan strategisk leiing og teknologisk endring og innovasjon.
Undervisningsmetodane vil i hovudsak ta utgangspunkt i ein kombinasjon av førelesingar med gjennomgang av relevant litteratur, case-undervisning og flipped-classroom pedagogikk der studentane individuelt og i grupper aktivt tek del i undervisninga. Undervisninga byggjer på at studentane har førebuing til kvar samling, og studentane må rekne med å bruke betydeleg tid på førebuingar før samlingane.
For å sikre «state of the art» anvend kunnskap vert førelesingar og arbeid med teoretiske konsept kombinert med case frå praksisfeltet.
Oppgåve - individuell, tel 100/100 av karakteren, karakterskala bokstavkarakterar.
Arbeidskrav - gruppe (1-3 studentar), tel 0/100 av karakteren (Godkjend/Ikkje godkjend).
Det vert teke atterhald om endringar i vurderingsform. Korrekt vurderingsform vert vist i StudentWeb ved oppmelding til aktuelt emne.
