Emneomtale for 2026/27
Masteroppgave
LED5009
Emneomtale for 2026/27

Masteroppgave

LED5009

Tema og problemstilling for masteroppgåva kan ha ulik karakter innanfor fagfeltet til masterprogrammet. Masteroppgåva skal innehalde eit litteraturstudium og eit empirisk arbeid med bruk av kvantitativ og/eller kvalitativ metode. Masteroppgåva vert normalt skrive i grupper på 2-3 personar. Krav til masteroppgåva er skildra i masteroppgåve-rettleiar (MOPP) i Canvas, og der finn ein også mal for oppgåva.

Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane vise at dei er i stand til å definere, avgrense og presisere ei problemstilling som er forskbar, gjere greie for relevant ny internasjonal litteratur som set problemstillinga inn i ein vitskapleg samanheng, velje relevant metode, gjennomføre ei empirisk kvalitativ og/eller kvantitativ undersøking, utføre systematisk analyse av funna sine opp mot internasjonal litteratur og trekkje konklusjonar. Masteroppgåva vert normalt skrive over to semester, med oppstart om hausten. Det er mogleg å skrive oppgåva over eitt semester, men då etter nærare avtale med studieprogramansvarleg. Studenten får tildelt ein rettleiar til masteroppgåva.

For å få tildelt rettleiar og starte med masteroppgåva, er det eit krav at alle emne skal vere bestått.

Emnet er berre ope for studentar på studieprogramma MBA i strategi og leiing, MBA i teknologileiing og Master i beredskap og kriseleiing.

For å få tildelt rettleiar og starte med masteroppgåva, er det eit krav at alle emne er bestått.

Kunnskap

Etter fullført masteroppgåve:

  • har studenten djupnekunnskap om forskingsfronten internasjonalt relatert til vald problemstilling
  • har studenten avansert kunnskap om metodiske tilnærmingar for innsamling og analyse av datamateriale
  • har studenten inngåande kunnskap om oppbygging av eit vitskapleg arbeid

Ferdigheiter

Etter fullført masteroppgåve:

  • kan studenten utvikle ei forskbar problemstilling
  • kan studenten kritisk reflektere over relevant internasjonal forsking og empiri som kan bidra til å svare på problemstillinga
  • kan studenten vurdere, velje ut og bruke relevant internasjonal forsking og metodikk i innsamling, systematisering og analyse av data for å belyse den valde problemstillinga

Generell kompetanse

Etter fullført masteroppgåve:

  • kan studenten delta i fagleg baserte internasjonale diskusjonar om problemstillinga sitt forskingsområde
  • kan studenten formidle eigne faglege vurderingar på forskingsområdet
  • kan studenten forstå tydinga av forskingsområdet internasjonalt og nytte kunnskapane sine til å foreslå strategiske endringar i ei verksemd
Utover semesteravgift og pensumlitteratur er det føresett at studenten har tilgang til ein berbar datamaskin.
Obligatorisk
Rettleiing
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Arbeidskrav - godkjent/ikkje godkjent (må vere godkjent for å kunne levere masteroppgåva): Utkast til innleiing og teoretisk rammeverk for oppgåva.

Oppgåve - gruppe på 1-3 studentar, karakterregel: bokstavkarakterar

Det blir teke atterhald om endringar i vurderingsform. Korrekt vurderingsform blir vist i StudentWeb ved oppmelding til aktuelt emne.

Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, vert rekna som fusk.