Matematikk 2D - Programmering i matematikkfaget for lærere, 5-10
Opptak til eitt av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.
Dette emnet inngår i følgjande program:
- Grunnskulelærarutdanning master 5-10
- Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk
Opptakskrava går fram av studia sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.
Kunnskap:
Studenten
- har grundig kunnskap om programmering i LK20 og om korleis ein legg til rette for undervisning og læring i og med programmering
- har kunnskap om algoritmisk tenking og problemløysing ved hjelp av program
- kan bruke programmeringsprinsippa lykkjer, vilkår, variablar og funksjonar i blokkbaserte (til dømes Scratch eller Micro:bit) og tekstbaserte programmeringsspråk (til dømes Python)
- har kunnskap om utvikling og oppbygging av blokkbaserte og tekstbaserte program
Ferdigheiter:
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i programmering, både innanfor blokkbasert og tekstbasert programmering
- kan generalisere, tilpasse og vidareutvikle eksisterande programkode og algoritmar
- kan rettleie og vurdere elevane sin prosess og produkt i arbeid med algoritmisk tenking og programmering
- kan identifisere og utforme løysingar som gir meiningsfull bruk av blokkbasert og tekstbasert programmering
Generell kompetanse:
Studenten
- kan kommunisere kunnskapen sin om programmering i profesjonsfellesskapet
- kan reflektere over korleis ein kan bruke programmering i undervisning og læring, og over programmeringa si rolle i samfunnet, skulen, læreplanen og faga
- kan reflektere over korleis programmering kan sjåast i samanheng med kreativitet, estetiske arbeidsformer, samarbeid, problemløysing, kritisk tenking og djupnelæring
- har innsikt i etiske problemstillingar relatert til programmering
Med mål om å utvikle forskings- og utviklingskompetanse skal studentane arbeide med ulike metodiske tilnærmingar, samt utvikle kompetanse i å reise forskingsetiske spørsmål. Undervisninga vil ta i bruk varierte arbeidsformer som førebur studentane på arbeidsmåtar dei sjølve vil nytte i møte med eigne elevar. Emnet legg difor vekt på studentaktive læringsformer som problemløysing, gruppearbeid, presentasjonar, individuelle oppgåver og samtalar/diskusjonar. Bruk av digitale verktøy for programmering vil vere sentralt. Følgjande tema vil bli vektlagde: blokkbasert programmering (20 %), tekstbasert programmering (80 %), utprøving og vurdering av einingar og læringsressursar for opplæring i programmering, samt tilrettelegging, rettleiing og vurdering av elevar sine programmeringsaktivitetar i skulen.
Aktiv deltaking og samarbeid er ein føresetnad for å nå læringsutbyttet i emnet.
Grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsstudium der aktiv deltaking og samarbeidslæring står sentralt. Obligatorisk deltaking (OD) betyr at du må delta på minst 80 % av all undervisning og læringsaktivitet som er fastsett i semesterplan og timeplan for emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjend for at emnet skal bli registrert som fullført.
Samansatt vurdering (SV) - Alle delane må vere godkjende/bestått før ein får karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking (OD): 80 % av den timeplanfesta aktiviteten. Godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav (AK): 2 skriftlege (og/eller prosjektpresentasjonar) innleveringar som tek for seg både blokk- og tekstbasert programmering. Godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren. For utfyllande informasjon om arbeidskrav, sjå semesterplanen.
- Individuell munnleg eksamen (MU): 45 minutt. Karakterskala A-F. Tel 100/100 av karakteren.
Kalkulator er tillaten. Berre enkel kalkulator utan lagring og utan grafisk funksjon.
Å bruke ChatGPT eller liknande kunstig intelligens til å lage heile eller delar av ei besvarelse, og levere dette som si eiga, vert rekna som fusk.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
