Anvendt metode
Det er mogleg å søkje opptak til emnet som enkeltemne. Det blir teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Søkjaren må oppfylle gjeldande opptakskrav for bachelor i økonomi og administrasjon.
Kunnskap
Studenten skal:
- ha brei kunnskap om forskingsprosessen frå problemstilling til ferdig rapport
- ha kunnskap om ulike forskingsdesign og metodeval
- ha kunnskap om kvalitativ og kvantitativ datainnsamling og analyse
- kjenne til relevante forskingsetiske prinsipp
Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- formulere forskbare problemstillingar og velje metode som passar til å svare på problemstillingane
- samle inn og fortolke kvalitative og kvantitative data
- nytte dataverktøy i kvalitative og kvantitative analysar
- kunne drøfte forholdet mellom teori og empiri
Generell kompetanse
Studenten skal:
- kunne planleggje, gjennomføre og rapportere frå eit mindre forskingsprosjekt
- kunne reflektere kritisk rundt eigne metodeval
- kunne skildre, forstå og forklare skilnadene mellom forskingsbasert kunnskap og anna kunnskap
- Arbeidskrav (godkjent/ikkje godkjent)
- Skriftleg skuleeksamen. Tel 100 %. Karakter A-F
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
ME118S - Innføring i samfunnsvitenskapelig metode - 7.5 Studiepoeng
ME224F - Samfunnsvitenskapelig metode - 7.5 Studiepoeng
MET1002 - Anvendt metode for regnskap og revisjon - 5 Studiepoeng
ME203E - Anvendt metode - 7.5 Studiepoeng
ME222E - Anvendt metode 2 - 7.5 Studiepoeng
MET323 - Samfunnsvitenskapelig metode - 7.5 Studiepoeng
