Kulturforståelse, identitet og samfunn
Opptak til eitt av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.
Dette emnet inngår i følgjande program:
- Grunnskulelærarutdanning master 5-10
- Årsstudium i musikk
- Lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag
Opptakskrava går fram av nettsidene til studia. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.
Studenten
- har brei kunnskap om musikken si rolle og funksjon i kultur- og samfunnsliv, og som identitetsbyggjar både på individ- og samfunnsnivå
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit inkluderande læringsmiljø og eit lærande musikalsk fellesskap
- har kunnskap om musikken sin betydning for livsmeistring og helse
- har kunnskap om observasjon, forskings- og utviklingsarbeid i musikk som skulefag og som fritidsaktivitet
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over musikken si rolle i barn og unge sine møte med eit mangfaldig samfunn i rask endring
- kan ta initiativ til fagleg samarbeid og leggje til rette for musikkfagleg læring i tverrfagleg prosjektarbeid
- kan bruke fagleg kunnskap til å planleggje, gjennomføre og reflektere over eige og andre sitt prosjektarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan stimulere mennesket si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve og uttrykkje musikk
- har innsikt i relevant fagterminologi, faglitteratur og aktuelle debatt-tema knytt til musikk som vitskaps- og kunstfag
- kjenner til innovative og kreative prosessar knytta til musikalsk praksis
Fysisk og digital undervisning i Bodø. Fysisk undervisning i Levanger.
Undervisninga vil føregå i klasse og i grupper. Undervisningsformene, som òg involverer bruk av digitale verktøy, varierer mellom praktisk musisering, førelesingar, gruppearbeid og diskusjonar. Studentaktive læringsformer står sentralt, og studentane vil få fortløpande rettleiing. Det blir forventa stor grad av eigeninnsats i emnet.
Obligatorisk deltaking (OD) tyder at du må delta på minst 80 % av all semesterplan- og timeplanfesta undervisning/læringsaktivitet i emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjent for å få emnet registrert som fullført.
Samansett vurdering - alle delane må vere godkjede/bestått for å få karakter i emnet.
Obligatorisk deltaking (OD): Obligatorisk deltaking i undervisninga blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Krav om å vere til stades på minst 80 % av undervisninga. Tel 0/100 av karakteren.
Arbeidskrav (AK): Det er eitt arbeidskrav i emnet. Dette må vere godkjend for å få avsluttande vurdering i emnet. Vurderingsuttrykk: godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
Mappe (MA): Mappeinnlevering som består av to arbeid knytte til læringsutbyta i emnet. Vurderingsuttrykk: A-F. Tel 100/100 av karakteren.
Alle hjelpemiddel tillatne etter Nord universitet sine forskrifter og retningslinjer.
Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som si eiga besvarelse, blir rekna som fusk. Informasjon om ChatGPT/kunstig intelligens m.m. finn du her.
