Emneomtale for 2026/27
Norsk 1A - Språket som system og språket i bruk - samisk
NOR1014
Emneomtale for 2026/27

Norsk 1A - Språket som system og språket i bruk - samisk

NOR1014
Norsk 1A handlar om språket som system, språket i bruk og elevars munnlege og skriftlege språkutvikling.

Norsk 1A - Språket som system og språket i bruk - samisk gir eit første grunnlag i språklege emne i norskfaget. Fagdidaktiske spørsmål om korleis ein jobbar for å fremme elevars munnlege og skriftlege kompetanse, står sentralt. Samiske elevars fleirspråklege kompetanse og utvikling er også i fokus.

Det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap blir også lagt vekt på, i tillegg til at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheter, tekstkompetanse og formidlingsevne i både norsk og samisk.

Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.

Dette emnet inngår i følgjande studieprogram:

  • Lulesamisk grunnskolelærarutdanning master 1-7
  • Sørsamisk grunnskolelærarutdanning master 1-7

Opptakskrava kjem fram på nettsidene til studia.

Norsk 1A - Språket som system og språket i bruk - samisk er éin av fire modular som inngår i Norsk 1 (30 studiepoeng) i lulesamisk grunnskolelærarutdanning 1-7 og sørsamisk grunnskolelærarutdanning 1-7.

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har kunnskap om barns språkutvikling, også i eit fleirspråkleg perspektiv

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar, inkludert elevar med samisk språkopplæring
  • kan analysere språk og språkbruk og gjere greie for fagdidaktiske faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos alle elevar
  • kan delta munnleg i faglege diskusjonar om språk og didaktikk
  • meistrar skriftleg nynorsk, bokmål og samisk og kan undervise elevar i begge norske målformer og på samisk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i og utanfor klasserommet
  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i sentrale språklege emne og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val, også for elevar med samisk språkopplæring
  • kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
Utover semesteravgift og pensumlitteratur må studenten disponere ein berbar datamaskin.
Dette emnet er obligatorisk for studentar på lulesamisk grunnskolelærarutdanning 1-7 og sørsamisk grunnskolelærarutdanning 1-7.

Det blir lagt vekt på bruk av varierte og relevante undervisningsmetodar og læringsaktivitetar, som for eksempel individuelt og gruppebasert arbeid, både skriftleg og munnleg, utprøving av ulike metodar, herunder også bruk av praktisk-estetiske tilnærmingsmåtar. Praksiserfaringane dannar saman med fagleg kunnskap og fagdidaktiske vurderingar den heilskaplege kompetansen i faget. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å kunne oppnå læringsutbytta i emnet.

For å utvikle forskings- og utviklingskompetanse skal studentane arbeide med ulike metodiske tilnærmingar, samt utvikle kompetanse i å reise forskingsetiske spørsmål.

Grunnskolelærarutdanninga er eit profesjonsstudium der aktiv deltaking og samarbeidslæring står sentralt. Obligatorisk deltaking (OD) betyr at du må delta på minst 80 % av all semesterplan- og timeplanfesta undervisning/læringsaktivitet i emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjent for å få emnet registrert som fullført.

Delar av undervisninga, studentarbeidet og vurderinga kan foregå på sørsamisk eller lulesamisk.

Studieprogrammet blir årleg evaluerert av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetets kvalitetssikringssystem.

Sammensett vurdering (SV): Alle delane må vere godkjent/bestått for å få endeleg karakter i emnet.

Obligatorisk deltaking (OD): 80 % oppmøte. Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.

Arbeidskrav (AK): To arbeidskrav, eitt skriftleg og eitt munnleg, på norsk og/eller samisk. Karakterskala: Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.

Oppgåve (OP): Skriftleg semesteroppgåve på norsk eller samisk. Karakterskala: A-E for bestått, F for ikkje bestått. Semesteroppgåva tel 100/100 av karakteren i emnet.

Alle hjelpemiddel.

Å generere eksamenssvar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere det heilt eller delvis som eige eksamenssvar er å rekne som fusk. Informasjon om ChatGPT/kunstig intelligens mm. finn du her.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

NOR1008 - Norsk 1A - Språket som system og språket i bruk - 5 Studiepoeng