Emneomtale for 2026/27
Norsk 2B - Litteratur i fortid og nåtid
NOR2008
Emneomtale for 2026/27

Norsk 2B - Litteratur i fortid og nåtid

NOR2008
Emnet tar føre seg litteratur for barn, ungdom og vaksne. Ved å undersøke dei historiske linjene i litteraturen vil ein prøve å sjå likskapar og skilnadar med dagens litteratur.
Norsk 2 bygger på norsk 1 og omfattar norskundervisning for trinn 1-10 og 8-13. Emnet gir historisk oversikt over litteraturen fram til vår tid, og meir omfattande kunnskap om sentrale litterære emne, djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.

Dette emnet inngår i følgjande program:

  • Grunnskulelærarutdanning master 1-7
  • Grunnskulelærarutdanning master 5-10
  • Grunnskulelærarutdanning master 1-10
  • Lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag
  • Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk
  • Lektor i samfunnsfag

Opptakskrava kjem fram på studia sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.

KUNNSKAP

Studenten

  • har kunnskap om samisk litteratur og kultur
  • har kunnskap om litteraturhistorie, også barnelitteraturhistorie, og brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa og den vidare lese- og skriveopplæringa
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1-10 og 8-13 lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-10 og 8-13 i samarbeid med andre
  • studenten har en endrings- og utviklingskompetanse som bidrar til samarbeid om faglig og pedagogisk nytenkning i skolen
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det lagt til grunn at studenten disponerer ein berbar datamaskin.

Valemne.

Obligatorisk emne for studentar på Lektor i samfunnsfag som vel fordjuping i norsk.

Det blir lagt vekt på bruk av varierte og relevante undervisningsmetodar og læringsaktivitetar, som til dømes individuelt og gruppebasert arbeid, både skriftleg og munnleg, utprøving av ulike metodar, inkludert bruk av praktisk-estetiske tilnærmingsmåtar. Praksiserfaringane dannar saman med fagleg kunnskap og fagdidaktiske vurderingar den heilskaplege kompetansen i faget i utdanninga.

Med tanke på å utvikle forskings- og utviklingskompetanse, skal studentane arbeide med ulike metodiske tilnærmingar, samt utvikle kompetanse i å reise forskingsetiske spørsmål.

Grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsstudium der aktiv deltaking og samarbeidslæring står sentralt. Obligatorisk deltaking (OD) betyr at du må delta på minst 80 % av all undervisning og læringsaktivitet som er fastsett i semesterplanen og timeplanen for emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjend for at emnet skal bli registrert som fullført.

Studieprogrammet skal evaluerast årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane er ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Sammensett vurdering (SV): Alle delane må vere godkjent/bestått for å få endeleg karakter i emnet.

Obligatorisk deltaking (OD): minimum 80 % deltaking. Karakterskala: Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.

Arbeidskrav (AK): Eitt arbeidskrav, t.d. skriving av fagtekst, skriving i andre sjangrar eller munnleg presentasjon. Karakterskala: Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.

Munnleg eksamen (MU): Munnleg eksamen, 30 min. Karakterskala: A-E for bestått, F for ikkje bestått. Tel 100/100 av karakteren.

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og bruke dette heilt eller delvis som eige svar på eksamen er å rekne som fusk.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

NOR2014 - Norsk 2B - Litteratur i fortid og nåtid - samisk - 5 Studiepoeng