Norsk 2C - Kritisk tilnærming til tekst
Norsk 2C omfattar norskundervisning for trinn 1-10, og gir oversikt og kunnskap om norskfaget som tekstfag, og korleis læraren kan leggje til rette for utvikling av tekstkompetanse i klasserommet. Emnet tar føre seg ei kritisk tilnærming til varierte tekstar, og gir eit godt grunnlag for å reflektere over kva slags påverknadskraft og truverd tekstar i ulike sjangrar og medium kan ha.
Emnet gir djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring i tekstarbeidet i klasserommet. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter, formidlingsevne og tekstkompetanse.
Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.
Dette emnet inngår i følgjande program:
- Grunnskulelærarutdanning master 1-7
- Grunnskulelærarutdanning master 5-10
- Grunnskulelærarutdanning master 1-10
- Lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag
- Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk
- Lektor i samfunnsfag
Opptakskrava kjem fram på studia sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.
KUNNSKAP
Studenten
- har brei kunnskap om tekstar i norskfaget, med særleg vekt på sakprosatekstar
- har brei kunnskap om retorikk og retoriske verkemiddel i munnlege og skriftlege tekstar
- har brei kunnskap om sentral litteraturteori og didaktiske tilnærmingar til tekstarbeid og utvikling av tekstkompetanse
FERDIGHEITER
Studenten
- kan analysere, tolke og drøfte tekstar i norskfaget, med særleg vekt på sakprosatekstar
- kan ta i bruk og variere språklege og retoriske verkemiddel på ein reflektert måte i eigne munnlege og skriftlege tekstar
- kan legge til rette for at elevane utviklar tekstkompetanse gjennom å lese, skrive og diskutere varierte tekstar i ulike sjangrar og medium
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa og den vidare lese- og skriveopplæringa
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- har innsikt i skulefagets eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid på trinn 1-10 i samarbeid med andre
- har ein endrings- og utviklingskompetanse som bidreg til samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skolen
Valemne.
Obligatorisk emne for studentar på Lektor i samfunnsfag som vel fordjuping i norsk.
Det blir lagt vekt på bruk av varierte og relevante undervisningsmetodar og læringsaktivitetar, som til dømes individuelt og gruppebasert arbeid, både skriftleg og munnleg, utprøving av ulike metodar og bruk av praktisk-estetiske tilnærmingsmåtar. Praksiserfaringane dannar saman med fagleg kunnskap og fagdidaktiske vurderingar den heilskaplege kompetansen i faget i utdanninga.
Studentane ved grunnskulelærarutdanninga 5-10 får i sitt andre studieår moglegheit til å kople dette emnet til FOU1001 (forskings- og utviklingsoppgåva) gjennom arbeidskrav som går ut på å gjere observasjonar, utprøvingar eller datainnsamling i praksis. Studentane ved grunnskolelærarutdanninga 1-7 får same moglegheit i sitt tredje studieår.
Grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsstudium der aktiv deltaking og samarbeidslæring står sentralt. Obligatorisk deltaking (OD) betyr at du må delta på minst 80 % av all undervisning og læringsaktivitet som er fastsett i semesterplanen og timeplanen for emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjend for at emnet skal bli registrert som fullført.
Sammensett vurdering (SV): Alle delane må vere godkjent/bestått for å få endeleg karakter i emnet.
Obligatorisk deltaking (OD): minimum 80 % deltaking. Karakterskala: Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
Arbeidskrav (AK): Eitt arbeidskrav, t.d. skriving av fagtekst, skriving i andre sjangrar eller munnleg presentasjon. Karakterskala: Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
Munnleg eksamen (MU): Munnleg eksamen, 30 min. Karakterskala: A-E for bestått, F for ikkje bestått. Tel 100/100 av karakteren.
Ingen hjelpemiddel.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og bruke dette heilt eller delvis som eige svar på eksamen er å rekne som fusk.
Norsk 2 byggjer på Norsk 1, så det er anbefalt at fire av emna under er gjennomført først:
- NOR1008 eller NOR1014
- NOR1009
- NOR1010
- NOR1011, NOR1012, NOR1013 eller NOR1015
