Emneomtale for 2026/27
Lingvistikk for logopeder
PE321L
Emneomtale for 2026/27

Lingvistikk for logopeder

PE321L
Lingvistikk er vitskapen om naturlege menneskelege språk - korleis dei er bygt opp, korleis dei blir brukte i kommunikasjon, og korleis barn tileignar seg språk. For å kunne arbeide som logoped er det nødvendig med god kjennskap til lingvistisk terminologi og lingvistisk analyse.

Gjennom dette emnet skal studentane tileigne seg hovudtrekka i det norske språket (språklyder, grammatikk, språkbruk), og det teoretiske grunnlaget for å forstå desse hovudtrekka. Dei skal også kjenne til kva som karakteriserer fleirspråklegheit.

Studentane skal også kunne bruke lingvistisk kunnskap i kartlegging av språk- og taleforstyrrelser og i utforming av tiltak for å bøte på slike forstyrrelsar.

Studiet er kun for studentar på master i logopedi

Kunnskap

Studenten

  • har brei oversikt over og innsikt i grunnleggande lingvistiske emne i både nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har inngåande kunnskap om eigenskaper ved norsk språkstruktur
  • har utførleg kjennskap til lingvistisk analyse

Ferdigheiter

Studenten kan

  • reflektere kritisk over funksjonelle og strukturelle sider ved naturlege språk, primært norsk
  • anvende lingvistisk teori og analysemetodar på logopedisk relevante problemstillingar
  • analysere språklege ytringar både hos personar med typiske språkferidigheiter og personar med språkforstyrrelsar ved hjelp av lingvistisk teori og metode

Generell kompetanse

Studenten kan

  • relatere observasjonar av språkleg adferd eller språklege observasjonar til relevant lingvistisk og logopedisk teori
Ingen kostnader utover semesteravgift og pensumlitteratur.
Obligatorisk

Samling: Teoretiske tema vil bli belyst gjennom førelesningar. Gjennom øvingar vil studentane få trening i fonetisk transkripsjon og lingvistisk analyse.

Mellom samlingane: Det er forventa at studentane prioriterer selvstudium og kollokviearbeid. Det vil i tillegg være to webinarer i sanntid som er medregna i obligatorisk oppmøte. Tidspunkt for webinarer vert kunngjort i semesterplanen ved oppstarten av semesteret.

Årlege evalueringar som inngår i universitetets kvalitetssikringssystem.

Samansatt vurdering (SV): Alle delane må være bestått/godkjent for å få karakter i emnet.

  • Obligatorisk deltaking (OD): 80% oppmøte på samlingar og webinar. Tel 0/100 av karakteren. Karakterregel: Godkjent/ikkje godkjent.
  • Arbeidskrav 1 (AK1): I gruppe; analyse av språklege data. Tel 0/100 av karakteren. Karakterregel: Godkjent/ikkje godkjent.
  • Arbeidskrav 2 (AK2): Individuelt; fonetisk transkripsjon og morfologisk og syntaktisk analyse. Tel 0/100 av karakteren. Karakterregel: Godkjent/ ikkje godkjent.
  • Skoleeksamen (SK): 6 timer, tel 100/100 av karakteren. Karakterregel A-F, Beste A, Ikkje bestått F.

Penn, linjal, headsett med ledning (ikkje bluetooth) til transkripsjon av lydfil.

Les meir om retningslinjer og praktisk informasjon om eksamen