Emneomtale for 2026/27
Masteroppgave logopedi
PE323L
Emneomtale for 2026/27

Masteroppgave logopedi

PE323L
Masteroppgåva utgjer ein skriftleg rapport basert på eit sjølvstendig forskingsarbeid ut frå innsamling av empirisk materiale eller analyse av eksisterande materiale. Oppgåva skal utgjere ei fordjuping i tema innanfor fagområdet logopedi eller tydeleg relevant for logopedi.
Opptak på studieprogrammet master i logopedi. I tillegg må forkunnskapskrava vera oppfylte

Frå 2021: Emna Vitskapsteori og forskingsmetodar 1 og 2, samt emnet Statistikk, må vere bestått før ein kan gå opp til eksamen i dette emnet. For studentar som drar på utveksling i 3. semester må emnet "Vitskapsteori og forskingsmetodar 1", og emna tatt ved utvekslingsinstitusjon vere bestått før ein kan gå opp til eksamen i dette emnet.

Frå 2024: Emna Vitskapsteori og forskingsmetodar 1 og 2 må vere bestått før ein kan gå opp til eksamen i dette emnet. For studentar som drar på utveksling i 3. semester må emnet "Vitskapsteori og forskingsmetodar 1", og emna tatt ved utvekslingsinstitusjon vere bestått før ein kan gå opp til eksamen i dette emnet.

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap innanfor logopedi
  • har inngåande kunnskap om vitskapleg teori og metode som reiskap for forskingsarbeid innanfor logopedi
  • har inngåande kunnskap om korleis ein med utgangspunkt i eit sjølvstendig forskingsarbeid kan analysere, belyse og formidle faglege problemstillingar ut frå fagområdet sin eigenart og tradisjonar
  • har inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
  • har inngåande kunnskap om korleis ein kan bidra til å utvikle fagområdet logopedi

Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne fram til relevant litteratur for å belyse forskingsmessige problemstillingar i eige forskingsarbeid, og kan analysere og forholde seg kritisk til bruk av den
  • kan relatere seg til og anvende eksisterande teoriar og vitskaplege tilnærmingar og metodar i eige forskingsprosjekt
  • kan forholde seg til og følge forskingsetiske retningslinjer
  • kan bidra til nytenking og utvikling innanfor logopedi
  • meistrar formelle krav til vitskaplege tekstar/publisering og formidle eige forskingsprosjekt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskap og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte for å fremskaffe ny kunnskap innanfor valt forskingsfelt
  • kan forholde seg kritisk og reflektert til eigen og andre si forsking
  • kan analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske spørsmål og problemstillingar som er relevante for logopedi i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere forskings- og utviklingsarbeid som kan fremje logopedi
Ingen kostnader utover semesteravgift og pensumlitteratur.
Obligatorisk

Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid der studentane skal gjennomføre eit masterprosjekt under rettleiing av tildelt rettleiar. Tildeling av rettleiar skjer på bakgrunn av innlevert tema for masteroppgåva på slutten av andre semester.

Studentane kan på eige initiativ velje å skrive to saman.

Einaste felles aktivitet i løpet av semesteret er at dei skal legge fram sitt eige masterprosjekt for medstudentane, og dei har også ansvar for å opponere på ein annans framlegg.

Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtveisevaluering og sluttevaluering). Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Sammensatt vurdering (SV): alle delane må vere godkjent/bestått for å få karakter i emnet.

Arbeidskrav (AK) - Presentasjon, 30 minutt + opponering på ein annan students presentasjon. Godkjent/ikkje godkjent. Forutsettes fullført før framstilling til eksamen/vurdering. Teller 0/100 av karakteren.

Masteroppgåve (OP) - Omfang på oppgåve som blir skriven individuelt: 50 sider (20000 ord)(+/-10%). Omfang på oppgåve som blir skriven i par med to studentar: 65 sider (26000 ord)(+/-10%). Vurderes med karakter A-F, beste A, ikkje bestått F. Teller 100/100 av karakteren.

Alle hjelpemiddel tillatne. Unntak: Å generere besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eiga besvarelse er å rekne som fusk.

Les meir om retningslinjer og praktisk informasjon om eksamen.