Emneomtale for 2026/27
Tilpasset opplæring og inkluderende læringsmiljø, 1-7
PEL1010
Emneomtale for 2026/27

Tilpasset opplæring og inkluderende læringsmiljø, 1-7

PEL1010
Uansett kva for kognitive, sosiale, emosjonelle og kroppslege utviklingsnivå elevane har, skal dei føle seg inkluderte i læringsmiljøet både sosialt og fagleg. Alle elevar har òg krav på tilpassa undervisning, uavhengig av om dei har krav på eit spesialpedagogisk tilbod. I dette emnet vil du som student opparbeide deg kunnskap om elevar sine ulike utviklingsnivå, og dertil barn som er i vanskelege livssituasjonar, og korleis vi kan legge til rette for elevar sine ulike behov retta mot 1.-7. trinn. Du vil òg få innsyn i kva som kan gje rett til spesialpedagogisk opplæring, og korleis elevar får eit slikt tilbod

Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent. Dette emnet inngår i følgjande program :

  • Grunnskulelærarutdanning master 1 - 7

Opptakskrava kjem fram på studiane sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.

KUNNSKAP

Studenten:

  • har kunnskap om den kognitive, emosjonelle, kroppslege og sosiale utviklinga til elevar på 1.-7. trinn
  • har kunnskap om ulike lærevanskar og tilpassings- og åtferdsutfordringar hjå elevar, og korleis desse kjem til uttrykk i opplæringa i grunnskulen
  • har kunnskap om barn i sorg og krise, overgrep mot barn og vanskelege livssituasjonar barn kan kome i

FERDIGHEIT

Studenten:

  • kan forklare forholdet mellom tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagd opplæring
  • kan reflektere over og bruke forskingsbasert kunnskap til å utøve god klasseleiing og utvikle eit trygt og inkluderande læringsmiljø for elevar på 1.-7. trinn
  • kan ivareta tilpassa opplæring og inkludering i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, aleine og i samarbeid med andre

GENERELL KOMPETANSE

Studenten:

  • kan, frå ein reflektert og fagleg ståstad, leggje til rette for og vurdere tilpassa opplæring og inkludering av alle elevar på 1.-7.trinn i grunnskule
Utover semesteravgift og pensumlitteratur er det føreset at studenten disponerer ein berbar datamaskin
Obligatorisk

Grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsstudium der aktiv deltaking og samarbeidslæring står sentralt. Deltaking i all semesterplan- og timeplanfesta undervisning/læringsaktivitet i PEL-faget er difor obligatorisk og må vere godkjend for at emnet skal kunne reknast som fullført. Obligatorisk deltaking (OD) tyder at du må delta på minst 80 % av all semesterplan- og timeplanfesta undervisning/læringsaktivitet i emnet. Ved oppstart av emnet får du som student informasjon om korleis dette blir registrert.

Undervisninga vil gå føre seg i samla kull, i klassar og i mindre grupper. Studiet er organisert slik at undervisning og læring kan skje på mange læringsarenaer, som førelesingar, seminar på campus/nett, kollokviegrupper og i praksis. I tillegg er sjølvstudium ein vesentleg del av læringsaktiviteten i emnet. Rettleiing er ein sentral del av undervisnings- og læringsprosessen. Ved å ta i bruk ulike arbeidsmåtar må du som student vere aktiv, problematiserande og problemløysande. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å kunne nå læringsutbytta i emnet.

Studieprogrammet evaluerast årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetets kvalitetssikringssystem

Samansett vurdering (SV): alle delane må vere godkjent/bestått for å få karakter i emnet.

Obligatorisk deltaking (OD): Obligatorisk deltaking på undervisning blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Det er krav om minimum 80% deltaking. Tel 0/100 av karakteren.

Arbeidskrav (AK): Skriftleg /munnleg arbeid individuelt eller i gruppe. Blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.

Munnleg eksamen (MU): Individuell, inntil 30 minutt, tel 100/100, karakter A-F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått.

Ingen tillatne hjelpemiddel.

Sjå eigen opplysningsside på nord.no

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen svar er å rekne som fusk.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

PEL1002 - Pedagogikk og elevkunnskap 1B, 1-7 - 7.5 Studiepoeng

PEL1006 - Pedagogikk og elevkunnskap 1B samisk - 7.5 Studiepoeng