Praksis 3. studieår, 6. periode; Fordypning
Praksis er ein obligatorisk del av studieprogrammet Bachelor barnehagelærarutdanning.
Praksis 3. studieår 6. periode har fokus på leiing av barn og barnehage og blir knytt til tema frå vald fordjuping.
Overordna perspektiv for praksisopplæringa i 3. studieår er leiing av barn og barnehagen.
Praksisopplæringa er ein integrert del i dei ulike kunnskapsområda og skal vera eit samanbindande ledd i barnehagelærarutdanninga. Praksisopplæring og kunnskapsområda skal saman bidra til at studentane utviklar kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse, og skal førebu studentane til kommande rolle som barnehagelærar.
Praksisopplæringa skal vera variert og sikra at studenten får erfaring med ulike sider ved barnehagelæraryrket i eit barnehagefelt prega av endring, mangfald og kompleksitet.
Det krevst bestått praksis 5.periode.
Det krevst godkjent politiattest.
Læringsutbyttar fordjuping:
Kunstmøte og profesjonsetikk
Studenten
- skal kunna arbeida med estetiske og filosofiske problemstillingar med barn.
- skal kunna planleggja, strukturera og skapa miljø som inviterer barn til estetiske opplevingar, undring, utforsking, skaparglede og leik.
- skal kunna leia barnegrupper i estetiske prosessar
Friluftsliv, natur, nærmiljø og profesjonsetikk
Studenten
- skal kunna kartleggja og analysera eit naturområde i nærmiljøet til barnehagen og kunne bruka dette i eit fag-didaktisk opplegg
- skal kunna planleggja, gjennomføra og vurdera eit fag-didaktisk opplegg med barn med utgangspunkt i rammeplan for fagområda til barnehagen "natur, miljø og teknologi" og "kropp, rørsle, mat og helsa".
NIP Nordic and International Perspectives on Teaching and Learning
Areas of knowledge
- knowledge about contrastive elements in attitudes to education, teaching and learning
- knowledge about pedagogical leadership as a positional and distributed phenomena in the context of Norwegian early childhood education (ECE)
- knowledge about view of children and childhood in different educational systems
Skills
- identify, compare and contrast attitudes and ethical questions to childhood, teaching and learning in own culture and other cultures
- apply relevant research about kindergarten teachers’ leadership with children, and the leadership of kindergartens, in their own practical and theoretical reflectionsplan,
- carry out and evaluate practice teaching in accordance with practice supervisor
General competence
- acknowledge the value of intercultural understanding
- acknowledge the value of outdoor learning and friluftsliv in education
- be able to reflect upon one’s own culture and other cultures’ perspectives on teaching and learning.
Mangfold og meistring
Studenten
- har vidareutvikla kunnskapen sin, innsikt og forståing om fleirkulturelle og språklege prosessar til profesjonskunnskap som kan nyttiggjerast innanfor ulike pedagogiske forståingar og rammer i innovasjonsarbeid i barnehage og skule
- har etisk og fagleg innsikt og handlingskompetanse i bruken av fagleg kartlegging og metodebruk i samarbeid med barn, elevar og lærarar
- kan nytta den faglege kunnskapen sin kritisk, kreativ og reflekterande til synleg og fleirkulturell pedagogisk verksemd som varetek kulturarven så vel frå urbefolkninga som dei nasjonale minoritetane og majoritetsbefolkninga.
- har grunnleggjande toleranse, interesse og respekt for barns og elevars og samarbeidspartnarars bakgrunn uansett kulturell, religiøs eller livssynsmessig tilhøyrsel.
Utefag
Studenten
- kan planleggja, gjennomføra og evaluera prosjekt i barnehagen knytt til utefag.
- kan bruka kunnskapen og erfaringa si med leiing, refleksjon og rettleiing til å undersøkja, forstå og vidareutvikla arbeid med barn i natur.
- kan utveksla faglege synspunkt og erfaringar med andre og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar og kan vurdera eigne kunnskapar og ferdigheiter i forhold til dette.
Kreativt og skapande arbeid
Studenten
- har evne til å skapa inne- og uterom som inviterer barn til estetiske opplevingar, undring, fordjuping, utforsking, skaparglede og leik.
- har evne til å utvikla ferdigheitene sine i bruk av materiale, reiskapar og teknikkar i eige skapande arbeid, og utforska desse saman med barn i planlagde og spontane situasjonar.
- er medskapar, deltakar og rollemodell i barns skapande verksemd.
Praksisførebuing knytt til kunnskapsområda.
Pedagogisk aktivitet saman med barn og personalet i barnehagen.
Gjennom heile praksisopplæringa vil det vera ei uformell og formell rettleiing mellom praksislærar og student, med fokus på å styrkja kunnskapen til studenten innanfor rettleiing.
Omfang av praksisperioden er 10 dagar og blir gjennomført i praksisbarnehagen. Studenten skal få rettleiing av ein praksislærar gjennom heile perioden
I tillegg kjem praksisførebuande møte og praksisoppsummering.
Detaljerte planar for innhald, oppgåver, gjennomføring av praksis og fristar for innleveringar og tilbakemeldingar, blir gjennomgåtte på praksisførebuande møte.
Meir informasjon ligg på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanningane.
For å bestå praksis må studenten etter ei heilskapsvurdering ha oppnådd læringsutbyttet for praksisemnet, ha 100% oppmøte, og dessutan ha gjennomført og fått godkjent alle oppgåvene.
Udokumentert fråvær frå praksis eller manglande innlevering og/eller godkjenning av oppgåver vil i seg sjølve medføra til ikkje bestått praksisperiode. Studentar som ikkje består ein praksisperiode må gjennomføra praksisperioden i sin heilskap ved neste ordinære gjennomføring.
Alle oppgåver blir gjennomførte individuelt og blir vurderte av praksislærar.
Praksisoppgåvene skal ha fokus på observasjon, didaktikk, pedagogisk leiing og rettleiing.
