Praksis 3. studieår, 7. periode; Ledelse, samarbeid og utvikling
Praksis er ein obligatorisk del av studieprogrammet Bachelor barnehagelærarutdanning.
Praksis 3. studieår, 7.periode har fokus på leiing av barn og barnehage og blir knytt til tema frå kunnskapsområdet "Ledelse, samarbeid og utvikling".
Overordna perspektiv for praksisopplæringa i 3. studieår, 7 periode er leiing av barn og barnehagen.
Praksisopplæringa er ein integrert del i dei ulike kunnskapsområda og skal vera eit samanbindande ledd i barnehagelærarutdanninga. Praksisopplæring og kunnskapsområda skal saman bidra til at studentane utviklar kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse, og skal førebu studentane til kommande rolle som barnehagelærar.
Praksisopplæringa skal vera variert og sikra at studenten får erfaring med ulike sider ved barnehagelæraryrket i eit barnehagefelt prega av endring, mangfald og kompleksitet.
Emnet er reservert for studentar på bachelor barnehagelærarutdanning.
Det krevst godkjent politiattest.
Det krevst bestått praksis 6.periode.
Det krevst godkjent politiattest.
Læringsutbyttar
Kunnskap
Studenten
- Har kunnskap om ulike leiings- og organisasjonsteoriar
- Har kunnskap om personalleiing, profesjonsetikk og maktforhold innanfor eit mangfaldig barnehagemiljø
- Har kunnskap om korleis eiga leiing påverkar samarbeidsprosessar mellom barn, føresette, medarbeidarar og eksterne instansar
Ferdigheter
Studenten
- viser evne til å initiera til eller vidareutvikla igangverande utviklingsarbeid i barnehagen og kritisk vurdera den prosessen ein har vore ein del av.
- viser evne til å motivera til, rettleia i og kritisk reflektera over leik - og læringsprosessar i barnehagen.
- viser evne til samarbeid med medarbeidarar, føresette og eksterne samarbeidspartnarar til barnets beste.
Generell kompetanse
Studenten
- viser evne til å sjølvstendig leia pedagogisk arbeid og ta avgjerder som fører til utvikling av barnehagen som lærande organisasjon.
Praksisførebuing knytt til kunnskapsområda.
Pedagogisk aktivitet saman med barn og personalet i barnehagen.
Gjennom heile praksisopplæringa vil det vera ei uformell og formell rettleiing mellom praksislærar og student, med fokus på å styrkja kunnskapen til studenten innanfor rettleiing.
Omfang av praksisperioden er 15 dagar og blir gjennomført i ein praksisbarnehage. Studenten vil få veileding av ein praksislærar gjennom heile praksisperioden.
Praksisførebuande møte og praksisoppsummering kjem i tillegg.
Detaljerte planar for innhald, oppgåver, gjennomføring av praksis og fristar for innleveringar og tilbakemeldingar, blir gjennomgåtte på praksisførebuande møte.
Meir informasjon finst på nettsidene våre for praksis i barnehagelærarutdanningane.
For å bestå praksis må studenten etter ei heilskapsvurdering ha oppnådd læringsutbyttet for praksisemnet, ha 100% oppmøte, og dessutan ha gjennomført og fått godkjent alle oppgåvene.
Udokumentert fråvær frå praksis eller manglande innlevering og/eller godkjenning av oppgåver vil i seg sjølve medføra til ikkje bestått praksisperiode. Studentar som ikkje består ein praksisperiode må gjennomføra praksisperioden i sin heilskap ved neste ordinære gjennomføring.
Alle oppgåver blir gjennomførte individuelt og blir vurderte av praksislærar.
Praksisoppgåvene skal ha fokus på observasjon, didaktikk, pedagogisk leiing og rettleiing.
