Emnebeskrivelse for 2026/27
Innovasjon og utviklingsarbeid i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid
PSH7008
Emnebeskrivelse for 2026/27

Innovasjon og utviklingsarbeid i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid

PSH7008
Emnet gir inngåande kompetanse i å planleggje, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
Emnet gir studentane erfaring med ulike metodar for innhenting og analyse av data, samt moglegheit til å utvikle ferdigheiter innan systematisk utviklingsarbeid. Emnet vektlegg samarbeid og samhandling i utviklingsarbeid og fremmar studentane si evne til innovative arbeidsmåtar og kritisk vurdering.

Opptak på Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid, eller Master i helsevitskap med fordjuping i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.

Emnet vil ikkje vere ope for andre studentar enn dei som er tatt opp i desse programma, og det kan ikkje takast som frittståande emne.

Kunnskap:

  • Har inngåande kunnskap om menneskerettar, relevant lovverk, politiske føringar, nasjonale faglege retningslinjer, organisering og tenesteutvikling samt administrative verkemiddel som legg føringar for psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
  • Har inngåande kunnskap om betydninga av sjølvhjelp, likepersonsarbeid og frivillig arbeid.
  • Har kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske perspektiv og forskingsmetodar for å utøve og vidareutvikle psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
  • Har kunnskap om metodar for å identifisere og kritisk vurdere relevans og kvalitet av ulike kunnskapskjelder og kunne ta kunnskap i bruk.
  • Har kunnskap om systematisk fagutviklingsarbeid og om vilkåra for fag- og utviklingsarbeid innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.

Ferdigheiter:

  • Kan fremje sjølvhjelp, likepersonsarbeid og frivillig arbeid.
  • Kan analysere samanhengar mellom ulike vitskapsteoretiske posisjonar og menneskesyn, forklaringsmodellar, forsking på og behandling av psykisk helse-, rus- og avhengigheitsproblem.
  • Kan bruke relevante metodar for å finne og kritisk vurdere relevansen og kvaliteten til ulike kunnskapskjelder og kunne ta kunnskapen i bruk.
  • Kan gjennomføre og evaluere fagutviklingsprosjekt med utgangspunkt i forskingsbasert, praksisbasert og erfaringsbasert kunnskap.

Generell kompetanse:

  • Kan bruke kunnskap og ferdigheiter til å koordinere tenester, leie tverrfaglege team og leie samhandling på tvers av grupper, sektorar, tenester og instansar.
  • Kan kommunisere om eige fag og forsking i møte med menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem, andre som er ramma, samarbeidspartnarar, avgjerdstakarar og allmennheita.
  • Kan bidra til nytenking, fagutvikling, innovasjon og berekraft innan eige fagområde.
Utover semesteravgift og pensumlitteratur føreset studiet at studenten disponerer ein berbar datamaskin.
Obligatorisk teoriemne for studentar på Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid og studenter på Master i helsevitskap med fordjuping i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.

Seminar, rettleiing, sjølvstudium, førelesingar, læringssti, gjennomføring av innovasjons- og utviklingsarbeid i praksis.

Vår 2026 - campus Levanger:

Emnet har 3 dager fysisk samling i veke 3, og digital samling 1 dag i veke 5 og 1 dag i veke 12.

Vår 2027 - campus Bodø:

Dato for samlinger vår 2027 er foreløpig ikke klart.

(Med atterhald om endringer).

Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering (SV), karakterskala A-F:

  • Arbeidskrav (AK), individuelt, tel 0/100 av karakteren, karakterskala Godkjent / Ikkje godkjent
  • Obligatorisk deltaking (OD), 80 % deltaking i undervisning (regnet i timer), tel 0/100 av karakteren, karakterskala Godkjent / Ikkje godkjent
  • Oppgåve (OP), individuell, tel 100/100 av karakteren, karakterskala A-F.

Obligatorisk deltaking og arbeidskrav må vere godkjent for å få endeleg karakter i emnet.

Eksamensdato finn du i Studentweb (etter at semesterregistrering med undervisnings- og eksamensmelding for emnet er godkjend).

Eksamenssvara skal alltid utarbeidast av kandidaten sjølv. Å generere oppgåvesvar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere dei heilt eller delvis som eigne svar, er å rekne som fusk.

For meir informasjon om ChatGPT eller liknande kunstig intelligens - samt kjeldevising, ureglementert samarbeid og plagiering: Sjå Retningslinjer for eksamenskandidatar ved Nord universitet - rektorvedtak 16.05.23 www.nord.no/student/eksamen