KRLE 1B Kristendomskunnskap
Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.
Dette emnet inngår i følgjande program:
- Grunnskulelærarutdanning master 1-7
- Grunnskulelærarutdanning master 5-10
- Grunnskulelærarutdanning master 1-10
- Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk
Opptakskrava kjem fram på studia sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.
KUNNSKAP
Studenten:
- har kunnskap om og kjenner til bruken i skulen av tekstar, forteljingar, høgtider, lære, ritual og andre praksisar, etikk og estetikk i kristendommen
- har kunnskap om eit utval kristne kyrkjesamfunn og kristendomens og arbeidet med historiske tema i skule
FERDIGHEITER
Studenten:
- kan identifisere og handtere utfordringar knytte til korleis skulen og elevane møter livssynsmangfald og etisk mangfald
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i kristendomskunnskap som grunnlag for elevretta vurdering som verkar utviklande for alle elevane.
- kan bruke varierte arbeidsmåtar som integrerer dei grunnleggande ferdigheitene.
GENERELL KOMPETANSE
Studenten:
- kan drøfte kva religion og livssyn kan ha å seie for den enkelte og for samfunnet
Kurset er nettbasert. Undervisinga vekslar mellom førelesingar, case, øvingar og diskusjonar i gruppe og plenum. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å nå læringsutbytta. Det blir også venta ein stor grad av eigeninnsats i emnet.
Arbeidskravet skal saman med anna undervising, hjelpe studentane i arbeidet med å nå læringsutbytta i emnet. Ekskursjonen er sentral for å nå læringsutbytta i emnet og er derfor obligatorisk. Studentar som ikkje får til å delta på ekskursjonen, må gjere eit kompenserande arbeid.
Samansett vurdering (SV): Alle delar må vere godkjende/bestått før ein får karakter i emnet.
Obligatorisk deltaking (OD):
- OD1: 80 % obligatorisk deltaking på nettundervisning, eller 80% obligatorisk gjennomføring av digitale læringsstigar som kan innehalde videoar, faglege presentasjonar og ulike typar arbeidsoppgåver knytt til læringsutbytta i faget. Deltakinga blir vurdert til Godkjend/Ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren
- OD2: Obligatorisk deltaking på ekskursjon til kristne trussamfunn. Studentar som er forhindra frå å delta må levere eit kompenserande arbeid. Blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend.
- Arbeidskrav (AK): Studentane skal gjennom studiet levere eitt arbeid som er gjort individuelt. Blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Munnleg eksamen (MU): Individuell munnleg eksamen (30 minutter). Eksamen blir vurdert med gradert karakter, A-F. Tel 100/100 av karakteren,
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
REL1002 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1B, 1-7 - 7.5 Studiepoeng
REL1004 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1B, 5-10 - 7.5 Studiepoeng
REL1006 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1B, 1-7 - 7.5 Studiepoeng
