Emneomtale for 2026/27
KRLE 1C Religionskunnskap
REL1010
Emneomtale for 2026/27

KRLE 1C Religionskunnskap

REL1010
Emnet Religionskunnskap er eit emne i studiet KRLE 1 som inngår som ein valbar del av Grunnskolelærerutdanninga (1-7, 5-10 og 1-10) og Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk. I emnet får studentane ei grunnleggande innføring i nokre sentrale religionar, med vekt på islam. I arbeid med religionane vil det bli lagt vekt på forteljingar/tekstar, praksisar, lære og mangfald innanfor dei enkelte tradisjonane. Spørsmål knytt til undervising om religion i skulens KRLE-fag og til korleis KRLE-faget kan vere eit pluralistisk fag, vil være sentrale.

Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.

Dette emnet inngår i følgjande program:

  • Grunnskulelærarutdanning master 1-7
  • Grunnskulelærarutdanning master 5-10
  • Grunnskulelærarutdanning master 1-10
  • Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk

Opptakskrava kjem fram på studia sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.

KUNNSKAP

Studenten:

  • har kunnskap om og kjenner til bruken i skulen av tekstar, forteljingar, høgtider, lære, ritual og andre praksisar, etikk og estetikk i ulike religionar

FERDIGHEITER

Studenten:

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning om ulike religionar som grunnlag for elevretta vurdering som verkar utviklande for alle elevane.
  • kan bruke varierte arbeidsmåtar som integrerer dei grunnleggande ferdigheitene.
  • kan identifisere og handtere utfordringar knytte til korleis skulen og elevane møter livssynsmangfald og etisk mangfald

GENERELL KOMPETANSE

Studenten:

  • kan drøfte kva religion og livssyn kan ha å seie for den enkelte og for samfunnet
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det lagt til grunn at studenten disponerer ei berbar datamaskin med kamera og headsett for deltaking i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettline med kapasitet til nettundervisning.
Valgemne

Kurset er nettbasert. Undervisinga vekslar mellom førelesingar, case, øvingar og diskusjonar i gruppe og plenum. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å nå læringsutbytta. Det blir også venta ein stor grad av eigeninnsats i emnet.

Arbeidskrava skal saman med anna undervising, hjelpe studentane i arbeidet med å nå læringsutbytta i emnet. Ekskursjonen er ein sentral for å nå læringsutbytta i emnet. Denne er derfor obligatorisk, og fråvær frå ekskursjonen krev at studenten leverer eit kompenserande arbeid.

Studieprogrammet evaluerast årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetets kvalitetssikringssystem.
Praksis er ein integrert del av KRLE-faget. Viktige tema for praksis i KRLE er; begynnaropplæring, heim- skulesamarbeid og vurdering av og utprøving av læremiddel i KRLE, inkludert digitale læremiddel. Sjå elles eigen praksisplan.

Samansett vurdering (SV): Alle delar må vere godkjende/bestått før ein får karakter i emnet.

  • Obligatorisk deltaking (OD):

    • OD1: 80 % obligatorisk deltaking på nettundervisning, eller 80% obligatorisk gjennomføring av digitale læringsstigar som kan innehalde videoar, faglege presentasjonar og ulike typar arbeidsoppgåver knytt til læringsutbytta i faget. Deltakinga blir vurdert til Godkjend/Ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
    • OD2: Obligatorisk deltaking på ekskursjon til Trondheim. Studentar som er forhindra frå å delta, må levere eit kompenserande arbeid. Blir vurdert med godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
  • Arbeidskrav (AK): Studentane skal gjennom studiet levere eit arbeid som er gjort i gruppe. Blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
  • Munnleg eksamen (MU) - Individuell munnleg eksamen (30 minutter). Eksamen blir vurdert med gradert karakter A-F. Tel 100/100 av karakteren.

Inntil 2 stk tospråklige ordbøker

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen svar er å rekne som fusk.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

REL1003 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1A, 5-10 - 7.5 Studiepoeng

REL1005 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1A, 1-7 - 7.5 Studiepoeng

REL1001 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1A - 7.5 Studiepoeng