KRLE 1D Livssyn, filosofi og etikk
Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.
Dette emnet inngår i følgjande program:
- Grunnskulelærarutdanning master 1-7
- Grunnskulelærarutdanning master 5-10
- Grunnskulelærarutdanning master 1-10
- Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk
Opptakskrava kjem fram på studia sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.
KUNNSKAP:
Studenten:
- har kunnskap om sentrale trekk i filosofihistoria og utfordringane knytte til arbeidet med filosofiske problemstillingar i faget
- har kunnskap om pluralisering, sekularisering og religions- og livssynskritikk som undervisningstema og bakgrunnsorientering for andre delar av faget
- har kunnskap om grunnlagsetikk og grunnlagsetikkens rolle som bakgrunn for å forstå etiske og moralske problemstillingar.
FERDIGHEITER:
Studenten:
- kan bruke varierte arbeidsmåtar som integrerer dei grunnleggande ferdigheitene.
- kan nytte etiske grunnlagsteoriar på emne frå profesjonsetikken og på elevorientert områdeetikk.
- skal kunne leie filosofiske samtalar som samlar elevgrupper i utforskende fellesskap.
- kan identifisere og handtere utfordringar knytte til korleis skulen og elevane møter etisk mangfald
- 2 MAGLU: kan planlegge, gjennomføre og reflektere over egen undervisning der det tverrfaglige temaet folkehelse og livsmestring er integrert.
GENERELL KOMPETANSE
Studenten:
- kan gjere greie for og ta stilling til etiske spørsmål som gjeld skulen og elevane
Kurset er nettbasert. Undervisinga vekslar mellom førelesingar, case, øvingar og diskusjonar i gruppe og plenum. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å nå læringsutbytta. Det blir også venta ein stor grad av eigeninnsats i emnet.
Arbeidskravet skal saman med anna undervising, hjelpe studentane i arbeidet med å nå læringsutbytta i emnet.
Samansett vurdering (SV): Alle delar må vere godkjende/bestått før ein får karakter i emnet.
Obligatorisk deltaking (OD):
- OD1: 80 % obligatorisk deltaking på nettundervisning, eller 80% obligatorisk gjennomføring av digitale læringsstigar som kan innehalde videoar, faglege presentasjonar og ulike typar arbeidsoppgåver knytt til læringsutbytta i faget. Deltakinga blir vurdert til Godkjend/Ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav (AK): Studentane skal gjennom studiet levere to arbeid som er gjort individuelt og i gruppe. Arbeidet som er gjort i gruppe skal danne grunnlag for eksamen i emnet. Blir vurdert til godkjend/Ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Munnleg eksamen (MU): Munnleg gruppeeksamen. Tidsbruk 45 minutter. Eksamen blir vurdert med gradert karakter A-F. Tel 100/100 av karakteren.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
REL1002 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1B, 1-7 - 7.5 Studiepoeng
REL1004 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1B, 5-10 - 7.5 Studiepoeng
REL1006 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1B, 1-7 - 7.5 Studiepoeng
