Emneomtale for 2026/27
Demokrati, medborgerskap og politikk
SAM1008
Emneomtale for 2026/27

Demokrati, medborgerskap og politikk

SAM1008
Kva er antirasistisk undervisning? Kva for utfordringar og moglegheiter gir ny digital teknologi for demokratiet, og korleis møte det i skulen? Kva for styrker og svakheiter hvar det norske politiske systemet? Dette er nokre av spørsmåla som blir tatt opp i dette emnet, som gir eit godt grunnlag for å undervise om demokrati og medborgarskap etter LK20.
Det blir gitt ei innføring i ulike teoriar og forståingar av demokrati, medborgarskap og politikk. Emnet tar opp nasjonale og internasjonale tilhøve som røyver ved og utfordrar demokratiet. Didaktiske og utforskande læringsstrategiar for demokratiopplæring i skulen blir vektlagt.
Emnet er reservert for studentar tatt opp på studieprogrammet "Samfunnsfag for lærere på 5.-10. trinn".
Emnet er ein del av vidareutdanningstilbudet "Samfunnsfag for lærere på 5.-10. trinn." Det krevst ingen forkunnskapar utover opptakskravet.

Kunnskap

Studenten har

  • oppdatert kunnskap om sentrale teoriar om og perspektiv på demokrati og medborgarskap, inkludert minoritets- og urfolksperspektiv.
  • kjennskap til ulike didaktiske tilnærmingar til demokratiopplæring.
  • kunnskap om det politiske systemet og velferdsstaten i Noreg historisk og i dag.
  • kunnskap om antidemokratiske strøymingar nasjonalt og internasjonalt.
  • kunnskap om fordelar og ulemper knytt til Noreg sitt forhold til EU, særleg demokratiske spørsmål.
  • oppdatert kunnskap om kunstig intelligens, media og digitalt medborgarskap.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • reflektere over si eiga faglege utøving knytt til tema som blir tatt opp på emnet.
  • reflektere kritisk over nasjonale og internasjonale utfordringar for demokratiet.
  • reflektere kritisk over samtidsaktuelle politiske og demokratiske dilemma.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • forstå aktuelle samfunns tilhøve i et historisk og demokratisk perspektiv.
  • planlegge undervisning i grunnskulen som er grunngjeve av samfunnsfaglege og didaktiske perspektiv frå emnet, og bidrar til progresjon, vidareutvikling og nytenking.
  • nytte faglege omgrep på ein sjølvstendig og analytisk måte, og formidle og kommunisere om faglege problemstillingar.
  • stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere faglege resonnementer skriftlig og muntlig.
Utover semesteravgift og pensumlitteratur er det føreset at studenten disponerer ei bærbar datamaskin med kamera og headsett for deltaking i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettlinje med kapasitet til nettundervisning.
Dette er eit obligatorisk emne for studentar som er tatt opp på studieprogrammet Samfunnsfag for lærere på 5.-10. trinn.

Studiet er heilt nettbasert. Videoforelsninger blir lagt ut i emnets læringsplattform. I tillegg gjennomførast eitt treff i veka på 1-2 timar. Det er ikke obligatorisk oppmøte på disse treffene, men aktiv deltakelse vil bidra til å øke læringsutbyttet.

Det vil bli lagt vekt på varierte arbeidsformer. Emnet legg opp til deling av kunnskap, erfaringar og refleksjonar blant kursdeltakarane, delvis gjennom Zoom eller tilsvarende. Dette gjeld og gjennomføring og presentasjon av arbeidskrav. Aktiv deltaking og dialog er naudsynt for å kunne oppnå læringsutbytta i emnet.

Studieprogrammet blir evaluert årleg av studenane gjennom emneundervsøingar (mitdvegsevaluering og sluttevaluering). Evaluering inngår som ein del av kvalitetssikringssystemet ved universitetet.

Samansett vurdering - alle delane må vere godkjent/bestått for å få karakter i emnet.

3 stk Arbeidskrav (AK) som består av innleveringar og/eller presentasjonar. Nærmare krav og opplysingar blir gitt i semesterplanen. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Teller 0/100 av karakteren

Heimeeksamen (HJ): Individuell eksamen over 3 dagar. Teller 100/100 av karakteren, karakterregel A - E, Beste A, Ikke bestått F.

Alle hjelpemiddel er tillete.

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eiget svar er å rekne som fusk.