Emneomtale for 2026/27
Samfunnsfag i dagens skole
SAM1015
Emneomtale for 2026/27

Samfunnsfag i dagens skole

SAM1015
Kva må ein samfunnsfaglærar kunne i dag, og korleis jobbar ein samfunnsfaglærar? Dette emnet gir ein introduksjon til samfunnsfag som skulefag.
Dette emnet gir ei innføring i nokre sentrale tema og problemstillingar som er særleg aktuelle for samfunnsfaglærarar i dagens skule. Du vil få kjennskap til samfunnsfagets rolle og plass i skulen, og sjå nærmare på læreplanen i samfunnsfag. Emnet tar også spesielt opp to sentrale tema som er relevante for alle klassetrinn, og som viser breidda av kva ein samfunnsfaglærar driv med: Urfolksperspektiv og digital kompetanse.

Emnet er opent for alle som har generell studiekompetanse, og tilbys også som enkeltemne.

Les meir om opptak til enkeltemne her: Opptak til enkeltemner (nord.no)

KUNNSKAP

Studenten

  • Har kunnskap om samfunnsfagets innhald, arbeidsformer og mandat i skulen.
  • Har kjennskap til læreplanen i samfunnsfag for grunnskulen, og læreplanens funksjon og utvikling
  • Har kunnskap om fornorskingspolitikken og sentrale teoretiske omgrep knytt til minoritet og urfolk.
  • Har kjennskap til korleis ein kan tilrettelegge for estetiske læringsprosessar i samfunnsfag.
  • Har kunnskap om medias samfunnsrolle, den nyare medieutviklinga inkludert falsk og ekte informasjon, samt konsekvensar for demokratiet.

FERDIGHEITER

Studenten

  • Kan drøfte konsekvensane av ny teknologi som kunstig intelligens i samfunnet og skulen.
  • Kan innhente god kunnskap og ressursar for undervisning om samisk og urfolk tilpassa eiget lokalsamfunn.
  • Kan reflektere over eiga yrkesutøving i eit urfolksperspektiv.

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • Kan nytte forskingsbasert kunnskap og teoretiske omgrep tatt opp på emnet i i reflekterande framstilling.
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre, og gjennom dette bidra til utvikling av eigen og andres praksis.
  • Kan finne og kritisk vurdere ulike læremiddel og læringsressursar om samfunnsfaglege tema.
Utover semesteravgift og pensumlitteratur er det føreset at studenten disponerer ein berbar datamaskin
Teoriemne. Valemne.

Studiet er nettbasert, og føreset aktiv digital deltaking gjennom studieåret. Aktiv deltaking og dialog er naudsynt for å kunne oppnå læringsutbytta på emnet. Dette gjeld óg gjennomføring av arbeidskrav (AK).

I tillegg til nettaktivitet kan det bli tilbod (frivillig) om ekskursjonar, institusjonsbesøk og praktiske arbeid.

Det blir gitt tre arbeidskrav i løpet av semesteret.

Studieprogrammet evaluerast årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetets kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering (SV)

Den endelege karakteren i emnet er samansett av to eksamenskomponentar:

  • Arbeidskrav (AK): Tre arbeidskrav, som vil kunne vere både individuelle oppgåver og gruppeoppgåver. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Teller 0/100 av karakteren.
  • Heimeeksamen (HJ): Individuell eksamen over 3 dagar. Teller 100/100 av karakteren, karakterregel A-F, Beste A, Ikkje bestått F.

Alle arbeidskrav må vere godkjent for å få endeleg karakter i emnet.

Alle hjelpemiddel er tillete.

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen svar er å rekne som fusk.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

SAM1012 - Samfunnsfag 1 - 7.5 Studiepoeng

SAM1021 - Samfunnsfag 1A - Samfunnsfag som skolefag, 5-10 - 7.5 Studiepoeng

SAM2003 - Samfunnsfag 2A - Samisk og urfolksperspektiver i samfunnsfag - 7.5 Studiepoeng