Samfunnsfag 1D - Å utdanne til deltakelse
Opptak til eitt av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.
Dette emnet inngår i følgjande program:
- Grunnskulelærarutdanning master 1-7
- Grunnskulelærarutdanning master 5-10
- Grunnskulelærarutdanning master 1-10
- Lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag
- Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk
Opptakskrava går fram av nettsidene til studia. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om det norske politiske systemet og velferdsstaten
- har kunnskap om ulike perspektiv på demokrati og medborgarskap i eit skuleperspektiv
- har kjennskap til utvalde sider ved media og offentlegheit, barndom og skule
Ferdigheiter
Studenten:
- kan drøfte politiske utfordringar, inkludert spørsmål om etikk, verdiar og haldningar
- kan nytte varierte metodar for demokratiundervisning
- kan reflektere kritisk rundt ulike aspekt ved demokratiet
Generell kompetanse
Studenten:
- kan reflektere kritisk og sjølvstendig over informasjon, forståingsmåtar og argumentasjon i offentlegheita
- kan reflektere kritisk og sjølvstendig over sentrale samfunnsfaglege og didaktiske spørsmål innanfor emnet
- skal kunne delta i debattar og fagleg dialog om sentrale spørsmål i emnet
Grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsstudium der aktiv deltaking og samarbeidslæring står sentralt. Obligatorisk deltaking (OD) betyr at du må delta på minst 80 % av all undervisning og læringsaktivitet som er fastsett i semesterplanen og timeplanen for emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjend for at emnet skal bli registrert som fullført.
For studentar på Levanger er det lagt opp til campusbasert undervisning, medan det for studentar på Nesna er seks samlingsveker per semester, fordelt på tre fysiske samlingar og tre nettsamlingar.
Undervisninga vil bestå av førelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium. Det blir lagt opp til ulike arbeidskrav, både individuelle og i grupper, og i ulike former (munnlege presentasjonar, skriftlege innleveringar, digitale produkt osv.).
Samla vurdering (SV). Alle delane må vere godkjende/beståtte før ein får karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking i undervisning (OD). Krav om minst 80 % deltaking. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100.
- Arbeidskrav (AK) i form av 2 innleveringar. Nærare krav og opplysningar blir gitt i emneplanen for semesteret. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100.
- Individuell munnleg eksamen (MU), ca. 30 minutt. Karakterskala A-F. Tel 100/100 av karakteren.
Ingen.
Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens, og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, blir rekna som fusk.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
SAM1006 - Samfunnsfag 1, 1-7 - 7.5 Studiepoeng
SAM1007 - Samfunnsfag 1, 5-10 - 7.5 Studiepoeng
